Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

No kan Helsedirektoratet gi gebyr for brot på alkohollova

Flasker

Etter dei nye reglane kan Helsedirektoratet gi gebyr ved brot på alkohollova.

Først publisert: 23.09.2024 Siste faglige endring: 23.09.2024

Med dei nye reglane skal det ikkje lenger vere økonomisk lønsamt å bryte alkohollov

Frå 17. september 2024 kan Helsedirektoratet gi gebyr (overtredelsesgebyr) for visse brot på alkohollova. Dette gjeld mellom anna brot på forbodet mot alkoholreklame, brot på reglar for produksjon av alkohol og brot på reglar for utlevering av privatimportert alkohol. 

Dilemma 

Tidlegare har Helsedirektoratet berre hatt moglegheit til å krevje retting av lovbrot og å gi tvangsmulkt om rettinga ikkje skjer innan fristen, men vi har ikkje hatt høve  til å sanksjonere sjølve brotet. Det har til dømes gjort det mogleg for aktørar å setje i gang reklamekampanjar for alkohol utan å risikere anna enn eit pålegg om å avslutte at kampanjen. 

Vurderer alvorsgraden 

Når Helsedirektoratet bestemmer om ein aktør skal få eit gebyr for brot og kor stort det skal vere, vil vi vurdere alvoret i brotet. Mellom anna vil vi vurdere om brotet påverkar barn og unge, om det er fare for helseskade og kor mange som er råka. Helsedirektoratet vil lage interne retningsliner for korleis  vi skal vurdere sakene og desse vil bli gjort tilgjengelege for alle. 

Dette er dei nye reglane: Den 17.09.2024 trødde alkohollova § 10-5 om “overtredelsesgebyr” og tilhøyrande forskrift om “utmåling av overtredelsesgebyr” i kraft. 

Etter dei nye reglane kan Helsedirektoratet gi gebyr ved følgjande brot på alkohollova: 

– Til no har vi stått i eit dilemma i vår forvaltning av til dømes alkohollova sitt reklameforbod. Sidan vi til no har hatt få høve til sanksjonar, har aktørane kunna spekulere i brot og tene på det. Når vi tidlegare har peikt på brot og krevd retting, har dette ofte berre skapt meir merksemd og dermed større reklameverdi – utan at det har kosta aktørane noko. Men no kan vi altså kreve gebyr for brot frå det augneblikket brotet skjer, seier avdelingsdirektør Øyvind Giæver. 

  • Brot på forbodet mot alkoholreklame, jf. alkohollova §§ 9-1 og 9-2, jf. alkoholforskrifta kapittel 14.
  • Brot på krav knytt til tilverking av alkohol, jf. alkohollova §§ 6-6, 6-7 og 6-8, samt forskrift om engrossal og tilverking av alkoholhaldig drikk mv. §§ 2-1, 2-3, 2-4, 2-5, 9-1, 9-2 og 9-3. 
  • Brot på krav knytt til utlevering av privatimportert alkohol, jf. alkohollova §§ 1-5, 2-4, 2-5, 8-11 og alkoholforskrifta § 15-5 første ledd nr. 1 og 3. 

Gebyr

For dei mest alvorlege lovbrota kan det krevast eit gebyr på opp til 4 % av årsomsetnaden. I særskilde tilfelle, til dømes der det ikkje vil vere mogleg å berekne årsomsetnad, er den øvre ramma for gebyret 20 G, som per 28.05.24 tilsvarar 2 480 560 kroner.

Gebyr for brot kan berre bli gitt for brot som er utførte eller er pågåande etter tidspunktet dette trør i kraft 17.09.2024. 

Abonner på nytt eller oppdatert innhold