Målet er å sjå om ny organisering av fastlegetenestene og nye ordningar for finansiering kan gje eit betre tilbod til pasientane til fastlegane, og spesielt pasientar med kroniske sjukdommar og samansette behov. 

Eit primærhelseteam skal bestå av fastlegen, sjukepleiar og helsesekretær. Av og til kan det vere viktig å samarbeide med fleire og andre yrkesgrupper og tenester. Pasienten sitt behov skal vere utgangspunktet for arbeidet. Piloten startar våren 2018, og skal vare i tre år.

Sjå pressemelding frå Helse- og omsorgsdepartementet. 

Ni kommunar skal delta i piloten:

  • Seljord
  • Ørskog
  • Flora
  • Malvik
  • Kristiansand
  • Ringsaker
  • Eid
  • Rana
  • Oslo (Bydelane Alna, Nordstrand og Sagene)