Innan 1. januar 2019 vil alle straumkundar få installert automatiske straummålarar. Desse målarane  sender målaravlesingsdata til leverandøren over straumnettet, mobilnettet eller eit eige radionettverk. Dette gjev svak elektromagnetisk stråling.

Helsedirektoratet har desse råda til fastlegar og pasientane deira:

  • Den elektromagnetiske strålinga frå automatiske straummålarar er svært svak. Det er ikkje dokumentert samanheng mellom helseplager og så svak stråling.
  • Strålinga frå straummålarane ligg langt under grenseverdiane som er sette av Statens strålevern
  • Fastlegen skal ikkje skrive ut helseattest som seier at pasienten har plagar som skuldast stråling frå ein automatisk straummålar.
  • Pasientar som kjem til legen med plager dei meiner skuldast stråling eller elektromagnetiske felt, må bli tatt på alvor. Plagene deira kan være reelle, sjølv om dei ikkje skuldast elektromagnetiske felt.

Noregs vassdrags- og energidirektoratet (NVE) har sagt at dersom straummålaren er til vesentleg og dokumenterbar ulempe for nettkunden, kan kunden søkje om fritak frå kravet om å få en slik automatisk straummålar installert.

NVE har vidare sagt at for å få unntak, må kunden sende inn attest frå lege eller psykolog som seier at kunden har gitt uttrykk for helseplager som han eller ho meiner skuldast den automatiske straummålaren.

Helsedirektoratet legg til grunn Folkehelseinstituttet si kunnskapsoppsummering frå 2012. Her gjekk FHI gjennom mange vitskapelege studiar. FHI fann ikkje haldepunkt for at stråling under dei anbefalte grenseverdiane gir helserisiko.

Målingar gjort av Statens strålevern viser at strålinga frå dei automatiske straummålarane ligg langt under de anbefalte grenseverdiane.

Helsepersonellova §15 og Forskrift om krav til helsepersonells attester, erklæringer m.v. har desse krava til innhald i legeattestar: "Den som utsteder attest, legeerklæring o.l. skal være varsom, nøyaktig og objektiv. Attest, legeerklæring, o.l. skal være korrekte og bare inneholde opplysninger som er nødvendige for formålet".

Dersom fastlegen skriv ut ein attest som seier at pasienten har plagar som skuldast ein automatisk straummålar, vil det vere i strid med helsepersonellova. 

Referansar

  1. Svake høyfrekvente elektromagnetiske felt – en vurdering av helserisiko og forvaltningspraksis. Rapport fra en ekspertgruppe. 2012:3. Folkehelseinstituttet.
  2. Svak stråling fra smarte strømmålere. Stråleverninfo 09/17. Statens strålevern.