Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Læringsrapport om hending med doseringsfeil i e-resept

Farmasøyt ser på resept og en pakke medisin

Først publisert: 04.12.2024 Siste faglige endring: 04.12.2024

Helsedirektoratet har engasjert konsulentselskapet A-2 til å utarbeide ein objektiv læringsrapport om hendinga med doseringsfeil i e-resept. Rapporten skal dekkje perioden frå feilen blei introdusert og fram til den blei meld i juni 2024.

13. juni 2024 blei Helsedirektoratet varsla om ein feil i reseptformidlaren, som kunne føre til feildosering. Tidleg i hendingsgangen blei det avdekt at feilen hadde eksistert sidan 2021. Sjølv om feilen var teknisk, kunne han ha helsefaglege konsekvensar.

A-2 har fått i oppdrag å skaffe innsikt og gjere ein analyse. Dette inkluderer ein årsaksanalyse, vurdering av moglege konsekvensar, og dessutan forslag til førebyggjande og forbetrande tiltak.

– Vi tenkjer dette vil gi kunnskap og innsikt som kan brukast til læring og forbetringsarbeid knytt til digitale samhandlingstenester i helsesektoren. Vi håpar at aktørane i sektoren kan prioritere å delta, seier avdelingsdirektør Elin Høyvik Kindingstad i avdeling for digitale helsetenester.

Målet med rapporten er å bidra både til læring og til kvalitetsforbetring i komplekse, samansette verdikjeder og i samhandlingsløysingar. Analysen og tiltaka vil fokusere på organisatoriske, systemiske og samansette forhold i verdikjeda.

I arbeidet vil A-2 involvere, og ha dialog med relevante partar i helsesektoren.

Helsedirektoratet er oppdragsgivar for rapporten, men vil elles likestillast med andre relevante aktørar. Oppdraget går føre seg fram til 1. mars 2025.

Abonner på nytt eller oppdatert innhold