Rettleiaren skal overordna sett bidra til at kommunane sikrar forsvarleg samfunnsmedisinsk kapasitet, kompetanse og kontinuitet både under normale forhold og under krise- og beredskapssituasjonar. Sentralt i anbefalingane er den tverrsektorielle rolla til kommuneoverlegen, spesielt innan folkehelsearbeidet og beredskapsarbeidet til kommunen.
Styrkje samfunnsmedisinsk arbeid
– Pandemien viste oss at det er behov for å styrkje det samfunnsmedisinske arbeidet i kommunane for å sikre god beredskap. Vi må sikre at kommuneoverlegefunksjonen er robust og effektiv, både i kvardagar og når kriser rammar oss. Det er også viktig å løfte fram rolla til kommuneoverlegen i det viktige folkehelsearbeidet til kommunane, seier Helen Brandstorp, divisjonsdirektør i Helsedirektoratet.
Godt samarbeid
Rettleiaren er eit resultat av eit tett og godt samarbeid med representantar for Legeforeininga, KS, Folkehelseinstituttet og statsforvaltarane. Den blir no send på ein brei, offentleg høyring med lang høyringsfrist. Dette gjer vi for å sikre at kommunane og andre som ønskjer å gi eit høyringssvar har god tid til å vurdere innhaldet i høyringsutkastet.