Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Kommunane satsar på psykisk helse– og rus

Kvinne snakker med kvinnelig lege

Foto: Mostphotos

Først publisert: 20.12.2023 Siste faglige endring: 20.12.2023

I norske kommunar var det totalt 17 436 årsverk i psykisk helse– og rusarbeid i 2023. Dette er ein auke på totalt 362 årsverk samanlikna med fjoråret, det kjem fram i ein ny rapport som SINTEF har utarbeidd på oppdrag frå Helsedirektoratet.

Artikkelen er 128 dager gammel, informasjonen kan være utdatert.

- Det er positivt at det blir fleire årsverk som jobbar mot barn og unge. Her var veksten på heile 5,5 prosent frå 2022 til 2023, seier avdelingsdirektør Jakob Linhave.

Fleire treng hjelp

-  Me ser at mange kommunar rapporterte om ein auke i førespurnader og henvisingar, særleg innan psykisk helse. Dette viser kor viktig det er at kommunane satsar på dette feltet. Dei neste 10 åra skal satsinga på psykisk helse verte ytterlegare styrka når opptrappingsplanen for psykisk helse blir sett i verk, avsluttar Linhave.

Kommunane prøver å møte behova

Vidare viser rapporten at mange kommunar gjer endringar i tenestene for å gi betre hjelp til målgruppa. Endringane inkluderer omlegging av butilbod, auka bruk av ambulerande og oppsøkjande tenester, styrking av lågterskeltilbod, etablering av FACT-team, nye stillingar, og endringar i fordeling av oppgåver.

Treng psykologar, sjukepleiarar og vernepleiarar med vidareutdanning

Rapporten peikar på at det er vanskeleg i dei fleste kommunane å rekruttere nok helsepersonell med rett fagkompetanse. Dette gjaldt både psykologar, sjukepleiarar med vidareutdanning i psykisk helse- og rusarbeid og vernepleiarar med vidareutdanning

Vald i nære relasjonar

Det er særs positivt at 73 prosent av kommunane rapporterer å ha på plass eit system for handtering av vald i nære relasjonar. Dette er ein auke frå 66 prosent i 2020.

Rask psykisk helsehjelp

26 prosent av kommunane/bydelane svarte at dei har etablert sitt eige tilbod for Rask psykisk helsehjelp, medan fire prosent har dette gjennom interkommunalt samarbeid. Rundt halvparten av kommunane har etablert andre lågterskeltilbod som er relevant for målgruppa innan psykisk helse- og rusarbeid. Dette viser ei variert tilnærming til å møta behova.

Abonner på nytt eller oppdatert innhold