​På oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet har Helsedirektoratet utvikla kommunalt pasient- og brukarregister (KPR). Registeret inneheld informasjon som skal brukast til planlegging, styring, finansiering og evaluering av kommunale helse- og omsorgstenester, og fleire andre oppgåver som vil bidra til å styrkje helsetenesta til pasientane.

Assisterande helsedirektør Olav Slåttebrekk vil opne registeret for Helsedirektoratet, og det vil verte fleire innlegg om korleis vi kan få betre kunnskap om kommunale helse- og omsorgstenester, og korleis denne kunnskapen kan verte brukt til å vidareutvikle tenestene.

Arrangementet er fullteikna, men vi vil strøyme det direkte i kanalane til Helsedirektoratet på Facebook og YouTube torsdag 5. april kl 12–15.

Du kan sjå seminarprogrammet her.

Du kan lese meir om KPR på heimesida til registeret.