Dagens trusselbilete tilseier at jodtablettar kan bli aktuelt som tiltak ved atomhendingar over heile landet. Kjernekraftverka i Europa vert eldre og risikoen for alvorlege ulykker aukar. Ferdselen med reaktordrivne fartøy langs norskekysten er sterkt aukande og ei ulykke med eit slikt fartøy kan gi radioaktive utslepp som rammar Noreg. Sannsynet for terroraksjonar har også auka. Dersom det blir eit utslepp av radioaktivt jod, kan jodtablettar vere eit av dei tiltaka myndigheitene anbefaler for å verne befolkninga.

Tablettane kan du kjøpe reseptfritt på apoteket. 

Du finn meir informasjon på nettsidene til Statens strålevern.

Meir om legemiddelberedskap