Om lag 16 prosent av norske kvinner har blodtype rhesus negativ. Når dei vert gravide er sjansen stor for at fosteret har blodtype rhesus positiv. Då kan mor danne antistoff mot blodet til fosteret, noko som kan vere skadeleg for barnet.

RhD-profylakse i veke 28

Analysen vert gjort i blodprøve som vert teken i veke 24 i svangerskapen. Dersom testen syner at kvinna ber eit RhD-positivt foster, skal ho få RhD-profylakse i samband med den ordinære svangerskapskontrollen i veke 28. Dette skjer vanlegvis hos fastlege eller jordmor.

Sidan jordmødrer ikkje har rekvisisjonsrett på RhD-profylakse, må medikamenta verte rekvirert av ein lege. RhD-profylakse kan i sjeldsynte tilfelle gje fall i blodtrykket med anafylaktisk reaksjon, sjølv hos gravide som tidlegare har tolerert behandling med humant immunglobulin. Avdelingar i primærhelsetenesta som tilbyd svangerskapsomsorg skal ha prosedyrar for behandling av allergiske reaksjonar før metoden vert teken i bruk.

Reduserer risikoen for RhD-immunisering

Metoden er basert på analyse av cellefritt foster-DNA i blodet til den gravide, såkalla Non-Invasive Prenatal Testing (NIPT). Denne metoden har vore i bruk i andre land i fleire år. Føremålet med analysen er å slå fast RhD-typen til fosteret for å kunne gje profylakse dersom ei RhD-negativ kvinne ber eit RhD-positivt foster. Profylaksen reduserer risikoen for RhD-immunisering.

Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenesta har gjort ein vurdering av metoden for RhD-typing frå cellefritt foster-DNA i plasmaet til mora. Helsedirektoratet har godkjent NIPT som metode for RhD-typing av foster hos RhD-negative gravide. Beslutningsforum, ved fagdirektørane i dei regionale helseføretaka, har avgjort at metoden skal verte teken i bruk.

Les også: Screening og rutineundersøkelser i svangerskapet

skriv ut del på facebook del på twitter