Kva tydar dette 

Spesialisthelsetenesta vil framleis ha tilbod for pasientane som tidlegare har vore aktuelle for eit raskare tilbake-tilbod. Fastlegar og andre tilvisarar bør framleis ha fokus på å leggje til rette for deltaking i arbeid i konsultasjonar med pasientane det gjeld. Pasientane skal verte tilvist til spesialisthelsetenesta på same måte som alle andre grupper med pasientar.

Sjå på nettsidene til det aktuelle regionale helseføretaket for å verte oppdatert om tilbod og rutinar for tilvisingar i din helseregion. Sjå lekkjer under.  Tilvisingane vil verte handsama på same måte som for andre pasientar og pasientane vil få sine rettar vurderte i tråd med dei prinsipp som gjeld for prioritering.

Fritt behandlingsval og fritt rehabiliteringsval gjeld på same måte som for andre pasientar.

Sjå også:

Bakgrunnsinformasjon 

Raskare tilbake-ordninga vert lagt om frå 2018 ved at tilskotsmiddel til behandlingstenester retta mot personar som er sjukmeldt eller står i fare for å verte det (raskare tilbake-løyvinga), vert overført til dei regionale helseføretaka sine ordinære løyvingar for pasientbehandling. 

Dette har fått tilslutning ved behandlinga av Helse- og omsorgsdepartementet sitt budsjettforslag for 2018 i Stortinget, sjå Prop. 1 S (2017-2018).

Omlegginga som er foreslått byggjer på gjennomgang og tilrådingar frå dei regionale helseføretaka om å vidareføre tverrfaglege, kunnskapsbaserte og arbeidsretta behandlingstilbod for personar med angst og depresjon og for personar med muskel- og skjelettlidingar. På denne måten vert alle øyremerka midlar til raskare tilbake-formål samla i ordinær budsjettramme og legg til rette for vidareføring og vidareutvikling av gode tilbod til store grupper sjukmeldte.  

Målet med omlegginga er eit meir likeverdig tenestetilbod til alle grupper med pasientar, tufta på gjeldande prinsipp for prioritering. Omlegginga vil verte evaluert. 

Informasjon om tilbod og tilvisingsrutinar i den einskilde helseregion 

Meir informasjon om tilbod og rutinar for tilvising i regionen er på nettsidene til dei regionale helseføretaka: