Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

IKT-kostnadene i sektoren har flata ut etter pandemien

Kirurg som står foran en pasient på operasjonsbordet

Årets rapport ser på utviklinga i IKT-kostnader mellom 2018 og 2023.

Først publisert: 12.03.2025 Siste faglige endring: 12.03.2025

Den nye rapporten Ressursbruk på IKT i helse- og omsorgstenesta gir eit oppdatert bilete av korleis digitale løysingar blir prioriterte og finansierte i helse- og omsorgssektoren.

Rapporten bygger på data frå dei regionale helseføretaka og nasjonale aktørar, og inngår i Helsedirektoratet sitt arbeid med å følge med på utviklinga innan digitalisering.

Hovudfunn

Kostnadene har flata ut etter pandemien: IKT-kostnadene auka betrakteleg under pandemiåra, men har i 2023 flata ut når det blir korrigert for prisvekst.

Større rolle for helseregionane: Dei regionale helseføretaka tek ein aukande del av finansieringa og utviklinga av IKT-løysingar i sektoren.

Auka investering i tryggleik: IT-tryggleik er det raskast veksande IKT-området, særleg i helseregionane, med 66 % auke i årlege kostnader sidan 2020.

Fleire IKT-årsverk: Det samla talet årsverk innan IKT er på sitt høgaste nivå i måleperioden, sjølv om andelen innleigde årsverk er redusert.

Frigi tid for helsepersonell: Dette er den vanlegaste målsettinga for IKT-prosjekt, og prosjekt med dette formålet utgjorde ein samla verdi på over 1,8 milliardar kroner i 2023.

Bakgrunn for utviklinga

Rapporten har som mål å formidle ressursutviklinga for digitalisering i helse- og omsorgssektoren, og har vorte publisert jamleg sidan 2017.
Datagrunnlaget er rapportert etter ein felles mal utarbeidd i samarbeid med analyseselskapet Gartner og dei rapporterande verksemdene. Årets rapport ser på utviklinga i IKT-kostnader mellom 2018 og 2023, med særleg vekt på 2022 og 2023. Talgrunnlag frå tidlegare år har vorte brukte som underlag for mellom anna Riksrevisjonen og Helsepersonellkommisjonen i utgreiingane deira

 

Abonner på nytt eller oppdatert innhold