Hausten 2015 auka talet på asylsøkjarar som kom til Noreg. Det kom til saman meir enn 31 000 i 2015, mot 11 000 i 2014. Alle som søkjer asyl i Noreg har den same retten til helsehjelp som resten av innbyggjarane. Dette kjem fram i to nye undersøkingar Helsedirektoratet har gjort i samarbeid med Rambøll om helsetilbod til asylsøkjarar i kommunar og i spesialisthelsetenesta.

Psykososial oppfølging av og helsetjenestetilbud til asylsøkere

Helseundersøking og helseteam i kommunane

Dei fleste kommunar med asylmottak (76 prosent) gir tilbod om helseundersøking innan tre månader etter at asylsøkjarar kjem til Noreg, slik Helsedirektoratet tilrår. Andelen som takker ja til tilbodet er ikkje undersøkt. Over halvparten har laga eigne team for arbeidet, og nokre samarbeider òg med spesialisthelsetenesta om dette. Dei som ikkje har etablert eigne helseteam for flykningar, gir tilbod til denne gruppa innanfor det ordinære helsetilbodet i kommunen.

Gjennom helseundersøkingane har kommunane avdekt ulike helseutfordringar hos asylsøkjarar. Mange trekk fram psykisk helse, smittsame sjukdommar og kroniske sjukdommar som døme på slike utfordringar.

Helsetenester i spesialisthelsetenesta – førebels god kapasitet

Spesialisthelsetenesta gir råd, rettleiing og tilbod om kompetanseheving til kommunar og mottak. Det høge talet på asylsøkjarar har førebels ikkje ført til tilvisingar som utfordrar kapasiteten i spesialisthelsetenesta. 

Ønskjer meir kompetanse

Både helsetenesta i kommunane og spesialisthelsetenesta har ønskje om styrka kompetanse om flyktninghelse og kulturforståing for det psykososiale arbeidet med flyktningar og asylsøkjarar.

Informasjon frå styresmaktene 

Hausten 2015 oppdaterte og digitaliserte Helsedirektoratet  sin rettleiar om helsetenestetilbodet til flyktningar, asylsøkjarar og familiegjenforeinte. Helsedirektoratet, FHI og UDI sende felles e-postar med informasjon om helsetenester til asylsøkjarar til kommunar og helseføretak. 76 prosent svarte at dei nyttar informasjon frå styresmaktene.

Helsedirektoratet bad òg fylkesmenna arrangere fylkesvise samlingar  i samband med dei regionale kompetansesentera om vold og traumatisk stress (RVTS ) og andre relevante aktørar. Målgruppa for samlingane var kommunane, spesialisthelsetenesta, mottak og frivillige organisasjonar. Samlingane tok mellom anna opp dei psykososiale behova flyktningar og asylsøkjarar har, kva rettar dei har på helseområdet, Helsedirektoratet sine tilrådingar frå rettleiaren og samhandling mellom kommunar, mottak og spesialisthelsetenesta. Samlingane var godt besøkte, og tilbakemeldingane positive.

Fleire tal frå kartlegginga om helsetenester i kommunane:

  • 97 prosent av kommunane svarer at dei i stor eller nokon grad nyttar rettleiaren frå Helsedirektoratet («Veileder om helsetjenestetilbudet til flyktninger, asylsøkere og familiegjenforente»). 
  • 86 prosent svarer at dei i stor eller nokon grad har ressursar til å ivareta tilbod om helsetenester til asylsøkjarar. 
  • 76 prosent gir tilbod om helseundersøking innan tre månader. I tillegg gir 23 prosent eit slikt tilbod, men ikkje innan tre månader. 
  • 90 prosent meiner at dei har god tilgang på tolketenester på relevante språk.
  • 57 prosent har etablert flyktningehelseteam.
  • 57 prosent svarer at dei har eit særs godt eller godt samarbeid med DPS og BUP om helsehjelp til flyktningar og asylsøkjarar

Fleire tal frå kartlegginga om spesialisthelsetenester:

  • 65 prosent av dei distriktspsykiatriske sentera (DPS) og 43 prosent av barne- og ungdomspyskiatriske poliklinikkane (BUP)  har ikkje fått førespurnader frå kommunar eller bydelar om bistand i form av rådgiving/rettleiing i arbeidet med asylsøkjarar. 
  • 52 prosent av BUP-ane har fått førespurnader om rettleiing og bistand til å vurdere psykososiale utfordringar frå mottakssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar mellom 15 og 18 år. 
  • Over 40 prosent av BUP/DPS samla svarer at dei har kompetanse om flyktninghelse.
  • 78 prosent av DPS-ane og 83 prosent av BUP-ane oppgir at dei har god tilgang på tolketenester.
skriv ut del på facebook del på twitter