Helse- og omsorgsdepartementet har bede Helsedirektoratet om å bidra til eit betre kunnskapsgrunnlag om helsepersonell med utanlandsk utdanning i arbeidet med den nasjonale helse- og sjukehusplanen (NHSP) 2020 – 2023. 

I denne rapporten skildrar vi årsverksinnsatsen til legar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, tannlegar og psykologar med utanlandsk utdanning i dei norske helse- og omsorgstenestene. Vi viser også korleis innsatsen har utvikla seg i perioden 2012 til 2016.

Rapporten viser mellom anna at:

  • Samla gjer legar med utanlandsk utdanning nær fire av ti legeårsverk, medan tannlegar og psykologar med utanlandsk utdanning gjer nær kvart fjerde tannlege- og psykologårsverk i dei norske helse- og omsorgstenestene.
  • Mange norske statsborgarar reiser til utlandet for å studere medisin, odontologi og psykologi. Norske leger, tannlegar og psykologar med utdanning frå utlandet har dei siste åra blitt viktigare bidragsytarar i helse- og omsorgstenestene.
  • Dei norske helse- og omsorgstenestene er del av ein internasjonal arbeidsmarknad for helsepersonell. Utanlandske legar, tannlegar og psykologar med utdanning frå utlandet gjer også ein aukande del av årsverka i helse- og omsorgstenestene.
  • Sjukepleiarar og helsefagarbeidarar med utanlandsk utdanning utfører samla mindre enn eitt av ti årsverk for sjukepleiarar og helsefagarbeidarar i helse- og omsorgstenestene.
  • Talet på helsepersonell med utanlandsk utdanning varier mellom områder i landet. Nokre sjukehus, kommunar og fylkeskommunar har ein høgre del helsepersonell med utanlandsk utdanning enn andre.

Les heile rapporten "Kunnskapsgrunnlag - Helsepersonell med utdanning frå utlandet"