Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Helsedirektoratet skal oppdatere retningslina for antibiotikabruk i sjukehus

Først publisert: 05.02.2019 Siste faglige endring: 18.02.2019

Helsedirektoratet har vedteke å oppdatere retningslina for bruk av antibiotika i sjukehus. – Dette er eit omfattande og viktig arbeid. Vi legg opp til prosjektstart i vår, og vil leggje ut oppdateringar jamleg, seier helsedirektør Bjørn Guldvog.

Nasjonal fagleg retningslinje for bruk av antibiotika i sjukehus er blant dei aller mest brukte retningslinene med rundt 60.000 sidevisingar kvar månad. For ein nyutdanna lege gir det tryggleik å bruke retningslina når dei veit at ho er utarbeidd av norske ekspertar, og vert brukt ved alle sjukehus i Noreg.  Retningslina vi har i dag vart publisert for seks år sidan. Det er kome mykje ny kunnskap sidan då, og det er difor behov for å gå nøye gjennom alle kapitla.

- Retningslina er eit viktig bidrag til reduksjon i bruk av breispektra, resistensdrivande antibiotika som ikkje er naudsynt. Med ein ny, oppdatert retningsline, ynskjer vi å bidra til at helsevesenet reduserer bruken av antibiotika enda meir. Antibiotikaresistens er eit stadig større trugsmål mot moderne helsetenester, og det er avgjerande at vi får til ein ytterlegare reduksjon. Det handlar faktisk om å redde liv, seier Guldvog.

Godt utgangspunkt

Oppdateringa av dei rundt 160 tilrådingane vil ta rundt to år, og vil skje i samarbeid med fagekspertar frå heile landet og med den nasjonale kompetansetenesta for antibiotikabruk i spesialisthelsetenesta (KAS)

- Heldigvis har vi eit godt utgangspunkt. Både sjukehusa og primærhelsetenesta er på god veg, og vi har i mange høve ein betre situasjon enn andre land. I Noreg er det enno trygt å behandle «vanleg» lungebetennelse med penicillin, medan ein i land med mykje resistens må bruke meir breispektra antibiotika, seier Guldvog.

Helsedirektøren peikar på at det ved ei rekkje spesifiserte operasjonar vert brukt antibiotika førebyggande  som skal redusere risiko for infeksjonar i såra etter operasjonen. - Dette er eit område som høver godt for standardisering.

Resistenstilhøve i Noreg vert overvakt gjennom NORM-systemet [lenkje] og er eit viktig grunnlag for tilrådingane til behandling.

Regjeringa har målsetting  om at sjukehusa skal bruke 30 prosent mindre breispektra antibiotika innan utgangen av 2020.

Abonner på nytt eller oppdatert innhold