På grunn av dette oppdraget vil vi forlengje lisensen til dei som allereie har fått innvilga lisensar for å jobbe under rettleiing i Noreg med denne utdanninga. Sidan vi no òg varslar praksisendring for handsaming av autorisasjonssøknadar for dei med psykologiutdanning frå Polen, vil vi forlengje lisensane for dei med polsk utdanningsbakgrunn òg. Lisensar som allereie har gått ut eller vil gå ut før årsskiftet vert forlengja fram til 31.12.2017.

Handsaminga av søknader om autorisasjon og klager på avslag for alle dei som ikkje allereie har fått innvilga lisens, held fram som før.

Praksisendring for handsaming av søknadar om autorisasjon som psykolog for søkjarar med masterutdanning frå Polen

Vi varslar samstundes om praksisendring for dei som søkjer autorisasjon med polsk masterutdanning i psykologi. Vi har fått stadfesta frå polske styresmakter at masterutdanninga i psykologi ikkje kvalifiserer til lovregulert utøving av yrke som psykolog i Polen. Dimed gjeld det same for polsk utdanning som for ungarsk. Dersom ein ikkje har minst 2 års yrkeserfaring som psykolog frå Polen eller eit anna EØS-land, kan vi ikkje handsame desse søkarane etter EØS-regelverket.

Helsedirektoratet vil difor vurdere konkret om dei som søkjer norsk autorisasjon med polsk psykologiutdanning, har ei utdanning som er jamlik med den norske profesjonsutdanninga i psykologi.

 

Les meir om status for praksis ved handsaming av autorisasjonssøknadar frå søkjarar med utdanning frå Ungarn og Polen