Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Fleire tilskotsordningar får søknadsfrist 2. desember

Bilde av kalender

Først publisert: 25.09.2024 Siste faglige endring: 25.09.2024

Fleire av tilskotsordningane til Helsedirektoratet vil få søknadsfrist 2. desember 2024.

Fleire av tilskotsordningane til Helsedirektoratet vil få søknadsfrist 2. desember 2024.  
Denne søknadsfristen for 2025 vil gjelde for mange opne, søkbare tilskotsordningar retta mot blant anna organisasjonar og stiftelsar. Vi har ein tidleg søknadsfrist for å kunne gå gjennom søknadane vi tar imot, sende ut vedtaksbrev og betale ut tilskota så tidleg som mogleg.

Helsedirektoratet har fått ein ny portal å sende inn søknadar gjennom, alle som skal sende inn ein søknad i haust skal gjere dette gjennom portalen. Meir informasjon om tilskotsordningane og tilskotsportalen kjem den 15. oktober.

Følg med på nettsidene våre for å sjå utlysing av tilskotsordningane for 2025. For å få melding når vi legg ut informasjon om tilskot, kan du abonnere på innhald på helsedirektoratet.no

Søknadsfristen vil gjelde for følgande tilskotsordningar, med atterhald om endringar i statsbudsjettet for 2025: 

  • Aktivitetstilbod for personar med rusmiddelproblem, psykiske helseproblem og/eller erfaring frå sal og bytte av seksuelle tenester 
  • Aktivitetstiltak for å motverke einsemd og passivitet 
  • Diabetesarbeid 
  • Driftstilskot til brukar- og pårørandeorganisasjonar innan psykisk helse-, rus- og valdsfeltet 
  • Drift av nasjonale foreiningar og stiftelsar med til førebyggande innsats på rusmiddel-, doping- og spelområdet 
  • Driftstilskot til frivillige rusmiddelpolitiske organisasjonar 
  • Fagutvikling og kompetanseheving i omsorgstenestene til samiske brukarar 
  • Faktainformasjon om rus og rusmiddel 
  • Fontenehus og Fontenehus Noreg (20. desember) 
  • Forskrift om tilskot til arbeid innan feltet hiv og seksuelt overførbare infeksjonar 
  • Frivillig informasjons- og kontaktskapande arbeid 
  • Frivillig rusmiddelførebyggande innsats og innsats som førebyggjer speleavhengigheit
  • Grunntilskot til institusjonsbaserte tilbod for personar med rusmiddelproblem og/eller erfaring frå sal og bytte av seksuelle tenester 
  • Hjelpetiltak for personar med problematisk speleåtferd
  • Institutt og foreiningar som driv etter-, vidare- og spesialistutdanning i psykisk helse 
  • Kunnskap og informasjon om lindrande behandling og omsorg ved livets slutt for barn og ungdom 
  • Kunnskapsbaserte meistringskurs – opplæring av tilsette i helsetenesta og NAV 
  • Lindrande einingar 
  • Nasjonale tiltak for førebygging av sjølvmord og sjølvskading 
  • Oppfølgingstilbod for personar med rusmiddelproblem, psykiske helseproblem og erfaring frå sal og bytte av seksuelle tenester
  • Psykisk helse i skulen 
  • Psykisk helse og livskvalitet - kjønns- og seksualitetsmangfald (LHBT+) 
  • Seksuell helse 
  • Styrking og utvikling av helsestasjons- og skulehelsetenesta
  • Vidareutvikling av DIGI-UNG chat 

Vi minner også om tilskotskonferansen for ideell og frivillig sektor den 17. oktober.

Sjå også oversyn over tilskot frå Helsedirektoratet

Abonner på nytt eller oppdatert innhold