Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Færre pasientar fekk rehabilitering i spesialisthelsetjenesten

To personer som holder hender

Rehabilitering bidreg til at personar i arbeidsfør alder kan komme attende til jobb

Først publisert: 11.12.2024 Siste faglige endring: 11.12.2024

48 500 pasienter fekk rehabilitering i spesialisthelsetenesta i fjor. Tallet har ikkje vore lågare sidan pandemiåret 2020.

Rehabilitering kan førebyggje eller redusere behov for pleie- og omsorgstenester gjennom å bidra til at fleire meistrar kvardagen lengre. Rehabilitering bidreg også til at personar i arbeidsfør alder kan komme attende til jobb. Spesialisthelsetenesta har eit ansvar for å tilby spesialisert rehabilitering som krev høg kompetanse og der det ikkje er naturleg å byggje opp dette tilbodet i kommunane.

- Konklusjonen til Riksrevisjonens  er at mange pasientar ikkje får dei rehabiliteringstenestene dei har behov for, korkje i kommunehelsetenesta eller i spesialisthelsetenesta. Samstundes er det eit politisk mål om at rehabilitering skal styrkje, seier avdelingsdirektør i Helsedirektoratet Helga Katharina Haug, og legg til:

- Difor er det ekstra viktig å følgje med på aktivitetsutviklinga på begge nivå i tida framover. Då kan vi kunne finne område der kvalitet og kapasitet bør verte styrkt. Nedgangen i aktivitet over fleire år, kan gje grunn til uro, dersom dette ikkje vert følgt opp gjennom ei tilsvarande styrking av rehabilitering på kommunalt nivå.

Rehabiliteringsaktivitet i 2023

Helsedirektoratet har no oppdatert dashbord som viser rehabiliteringsaktivitet i spesialisthelsetenesta i perioden frå 2019 til 2023:

Det var ca. 48 500 pasientar som fekk rehabilitering i spesialisthelsetenesta i 2023. Færre pasientar per innbyggjar fekk rehabilitering i spesialisthelsetenesta i 2023 samanlikna med dei siste fire åra, bortsett frå pandemiåret 2020.

Stabilt tal på døgnopphald frå 2022 til 2023

For døgnopphald har talet halde seg relativt stabilt samanlikna med 2022. Det var omtrent 42 100 døgnopphald med rehabilitering i 2023, samla for både private rehabiliteringsinstitusjonar og sjukehus i Noreg. Av alle døgnrehabiliteringsopphald fann 71 % stad i private rehabiliteringsinstitusjonar.  Gjennomsnittleg tid på opphalda ved døgnbehandling var 19 dagar i 2023, noko som er ein svak nedgang i løpet av 5 årsperioden. Opphaldstida er lengre i private rehabiliteringsinstitusjonar samanlikna med sjukehus.

Nedgang i poliklinisk rehabilitering

Når det gjeld poliklinisk rehabilitering, har det det vore ein nedgang over ein periode på fem år. I 2023 fekk 1,5 pasientar per 1 000 innbyggjarar rehabilitering ved private institusjonar, og i sjukehus fekk 1,2 pasientar per 1 000 innbyggjarar poliklinisk rehabilitering.

 

Abonner på nytt eller oppdatert innhold