Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Dette betyr informasjonsvarselet på Helsenorge om deling av helseopplysningar

Lucie Aunan

Divisjonsdirektør i divisjon digital transformasjon Lucie Aunan i Helsedirektoratet

Først publisert: 05.03.2025 Siste faglige endring: 05.03.2025

No får alle innbyggarane i heile landet eit varsel på Helsenorge. I varselet blir det gitt informasjon om at viktige helseopplysningar er digitalt tilgjengelege for helsepersonell som treng dei for å gje trygg og god helsehjelp.

Samstundes blir innbyggarane informerte om personvernrettane sine  og at det er høve til å avgrense kven som har tilgang til helseopplysningane.

– Vi informerer innbyggarane fordi nasjonale løysingar, som Pasientens prøvesvar og Pasientens legemiddelliste, etter kvart vil gjere det mogleg å dele fleire helseopplysningar digitalt mellom helsepersonell på tvers av helsetenestene. Allereie i dag deler enkelte sjukehus journaldokument gjennom Kjernejournal, seier Lucie Aunan, divisjonsdirektør for digital transformasjon i Helsedirektoratet.

– Innbyggarane skal vere trygge på at helseopplysningane deira blir behandla på ein sikker måte, og at berre helsepersonell som kan dokumentere eit behov for å sjå informasjon, har lov til å lese informasjonen, held Aunan fram.

Kan bidra til betre helsehjelp

Når legar, sjukepleiarar og anna helsepersonell har digital tilgang til viktige helseopplysningar, kan det bidra til betre oppfølging og behandling. I akutte situasjonar, som på sjukehus, kan rask tilgang til prøvesvar, medisinar som innbyggaren står på, journaldokument eller sjukdomshistorikk vere avgjerande for riktige og raske avgjerder om behov for helsehjelp.

Når helseopplysningane er digitalt tilgjengelege, treng ikkje innbyggaren å gjenta sjukdomshistoria si kvar gong dei møter nytt helsepersonell. Dette kan bidra til trygg og heilskapleg oppfølging, spesielt om innbyggaren har behov for helsehjelp frå ulike delar av helsetenesta.

Retten til å bestemme over eige personvern

Innbyggarane har rett til å bestemme over eige personvern. På Helsenorge kan dei sjølve velje korleis helsepersonell får tilgang til helseopplysningar på tvers av behandlingsstader. Førebels er ikkje opplysningar frå pasientjournalen hos fastlegen ein del av denne delinga.

Berre helsepersonell med eit dokumentert behov har lov til å sjå informasjonen, og dei har teieplikt. Dei må logge inn på ein sikker måte, og all tilgang blir registrert. Innbyggarane kan når som helst sjå kven som har hatt innsyn i opplysningane deira.

På Helsenorge kan innbyggarane:

  • Sjå kva helseopplysningar som er lagra om seg.
  • Sjå logg over alle som har sett helseopplysningane.
  • Blokkere namngitt helsepersonell for tilgang til helseopplysningar. Blokkeringa vil alltid gjelde, også i akutte situasjonar.
  • Avgrense tilgang til opplysningane ved å sperre alle eller utvalde helseopplysningar, slik at helsepersonell ikkje kan sjå dei.
  • Reservere seg mot å ha ein Kjernejournal. Då vil alle opplysningar bli sletta, og det vil ikkje bli lagra nye opplysningar i Kjernejournalen i framtida.

Om innbyggaren oppdagar feilaktige opplysningar, kan dei be behandlingsstaden som har registrert opplysningane om å endre eller slette desse. Den aktuelle behandlingsstaden går tydeleg fram på Helsenorge.

Tilgangen til helseopplysningar kan variere

Deling av helseopplysningar, gjennom nasjonale løysingar, blir innført gradvis i helsetenesta. Tilgang til helseopplysningar kan variere fordi sjukehus, fastlegar og kommunale helsetenester er på ulike stadium i denne overgangen. Kva opplysningar helsepersonell kan sjå om innbyggaren avheng derfor av kvar dei får behandling og kven som er ansvarleg for behandlinga. Dersom innbyggaren finn få eller ingen opplysningar om seg på Helsenorge, kan det vere fordi dei ikkje har ei sjukdomshistorikk eller fordi den digitale delinga av helseinformasjon ikkje har kome i gang der dei får helsehjelp.

Dei som ikkje har tilgang til digitale verktøy kan ringe rettleiingstelefonen til Helsenorge på 23 32 70 00. Den er tilgjengeleg kl. 08.00 – 15.30 på kvardagar. Rettleiingstenesta kan hjelpe med korleis dei kan gå fram for å endre opplysningar. 

Abonner på nytt eller oppdatert innhold