Tid til tenestestart er det talet dagar det tek frå sjukehuset tek i mot ei tilvising til utgreiing eller behandling startar, for nokre definerte grupper av sjukdomar. Dei regionale helseføretaka har som mål for 2018 å redusere median tid til tenestestart samanlikna med 2017. Medianen er den midtarste verdien når alle tala er sortert i stigande rekkjefølgje.

Utviklinga i Noreg

Utviklinga i andre tertial med samla tal for heile Noreg viser reduksjon frå 2013 til 2016, så kjem ein svak auke frå 2016 til 2018.

Graf utvikling 2. tert 2018.png

Utvikling i median tid til tenestestart – Noreg.

Utviklinga i helseregionane

Median tid til tenestestart er redusert med éin dag i Helse Nord, men for de andre regionane aukar tida med éin dag. Kortast tid til tenestestart har Helse Nord med 56 dagar. Helse Vest har lengst tid til tenestestart med 69 dagar.

Utviklinga for ulike tenester

Tid til tenestestart inkluderer tenester som er både undersøking og behandling. Dei største gruppene i utvalet er koloskopi, gastroskopi og hjarteutgreiing ved ultralyd av hjartet.

Dei tenestene med kortast median tid til tenestestart i andre tertial 2018 er

  • spyttkjertel, vevsprøve (biopsi) (23 dagar)
  • koloskopi (28 dagar)
  • gastroskopi (34 dagar)
  • makuladegenerasjon, injeksjonsbehandling (35 dagar)

Median tid til desse tenestene blir noko redusert frå 2. tertial 2017 til same periode i 2018.

Tenestene med lengst median tid til tenestestart i dei fyrste fire månadane i 2018 er:

  • rekonstruksjon av bryst med eiga vev, kreft (298 dagar)
  • operasjon og anna behandling av skjegling (295/279 dagar)
  • operasjon etter ankelslitasje (272/ 249 dagar)

Median tid til tenestestart blei redusert frå 2. tertial 2017 for pasientar med skjegling og ankelslitasje, medan den auka for rekonstruksjon av bryst.

Tid til tenestestart i grafar og tabellar 

​Fakta

  • Helse- og omsorgsdepartementet har avgjort at median tid til tenestestart skal vere eit styringsmål.
  • Indikatoren tid til tenestestart supplerer det ordinære målet for gjennomsnittleg ventetid til helsehjelp startar.
  • Tid til tenestestart måler tida frå sykehuset har mottatt ei tilvising til ei bestemt behandling eller undersøking er utført. Det kan vere fleire grunnar til at det kan gå noka tid frå tilvising til tenestestart. Til dømes kan anna behandling vere prøvd  først eller sjukehuset ventar på utvikling i sjukdomen før behandling startar.
  • Både median og gjennomsnitt er mål som uttrykkjer middelverdiar. Median er midtverdien av observasjonane, der halvparten av målingane er under og halvparten er over. Median er difor mindre sårbar for ekstreme verdiar enn gjennomsnittet.
  • I presentasjonsløysninga finnast statistikk både for median og gjennomsnitt i tillegg til tal for ordinært avvikla.