Resultata frå følgjeevalueringa av eit treårig prosjekt for utprøving av modellar for kvardagsrehabilitering i Noreg blir lagt fram på ein nasjonal konferanse om habilitering og rehabilitering i dag.

Konferansen, som blir halden av Helsedirektoratet og NSH, går over to dagar, og har eit program som speglar dagsaktuelle nasjonale satsingar og utviklingsarbeid på feltet.
47 kommunar har vore med i prosjektet, og følgjeevalueringa er gjort av Senter for omsorgsforskning Vest i samarbeid med CHARM. Evalueringa skal gje svar på kva effekt tiltaka har for brukarane og kva gevinst dei har for kommunane.

Rapporten syner at kvardagsrehabilitering har betre effekt enn vanlege heimetenester på korleis brukarane gjer og kor nøgde dei er med daglege aktivitetar, fysisk funksjon og helserelatert livskvalitet i eit seks månaders perspektiv. Skilnadene blir mindre etter 12 månader, men kvardagsrehabilitering gjev framleis signifikant betre effekt. Studien tydar på at standardtenester og kvardagsrehabilitering kostar om lag like mykje i eit seks månaders perspektiv, men at helseeffekten er større ved rehabilitering.

 

Modeller for hverdagsrehabilitering – en følgeevaluering i norske kommuner (Rapport på nettsida til Senter for omsorgsforskning)

Bakgrunn

Kvardagsrehabilitering er eit rehabiliteringstilbod i heimen, hovudsakeleg til eldre som har fått eit brått eller langsamt fall i funksjon. Krav til innhald og metodisk tilnærming er dei same som for anna rehabilitering. Eit fåtal av prosjekta prøvde også ut kvardagsrehabilitering for brukargruppa med psykisk utviklingshemming.

Satsinga på kvardagsrehabilitering inneber at brukarane i omsorgstenesta får tilbod om strukturerte og målretta rehabiliteringstiltak for å vinne attende funksjons- og meistringsevne, framfor kompenserande tenester. Val av tiltak blir basert på tverrfagleg kartlegging av behov, ressursar og mål. Tidleg start av intensive treningstiltak er viktig.
Den intensive innsatsen skal redusere behovet for hjelp både på kort og lang sikt.

Det er eit mål å styrke brukarane sine moglegheiter for eigenmeistring og å oppretthalde funksjonsnivå så lenge som mogleg.

skriv ut del på facebook del på twitter