Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Betring av gjennomgang av legemiddel og status for ernæring på sjukeheim

Gammel dame med lue drikk av en kopp

Illustrasjonsbilete: Mostphotos

Først publisert: 19.06.2024 Siste faglige endring: 19.06.2024

Fleire bebuarar på sjukeheim får gjennomgang av legemiddel og blir vurderte for risiko for underernæring i 2023 enn i 2022, men det er framleis eit godt stykke fram til målet om at alle skal få desse tenestene.

Artikkelen er 184 dager gammel, informasjonen kan være utdatert.

Det viser tal frå nasjonale kvalitetsindikatorar for kommunale helse- og omsorgstenester: 

Fleire får gjennomgang av legemiddel 

Eldre brukar ofte mange legemiddel samtidig og dei er særleg sårbare for biverknader av ulike legemiddel. Difor er det viktig at denne pasient- og brukargruppa får god oppfylging og jamlege gjennomgangar av medisinane sine. 

Når pasientar kjem inn på langtidsopphald på sjukeheim seier forskrifta (lovdata.no) at pasientane skal få gjennomgang av legemidla og ein ny gjennomgang minst ein gong i året. 

Kvalitetsindikatoren syner at 62 prosent hadde fått ein gjennomgang i 2023. Det er ein auke frå 59 prosent i 2022, men prosentdelen er framleis låg samanlikna med målet om at alle skal få ein gjennomgang. I tillegg er det store og vedvarande variasjonar mellom fylka. I Oslo fekk 90 prosent av bebuarane  gjennomgått legemidla sine, medan under halvparten fekk denne tenesta i Vestland. Indikatoren viser berre resultat for dei største kommunane. 

– Det er uheldig at forskjellane er så store mellom kommunane. Det er vanskeleg å seie kvifor det er så store forskjellar på gjennomgang av legemidlar i dei ulike stadene i landet, og det er viktig at det blir jobba vidare med dette, seier Bjørn Guldvog. 

Fleire eldre blir vurderte for risiko for underernæring 

I følge nasjonale retningsliner (helsebiblioteket.no) skal alle bebuarar vurderast for underernæring når dei får plass på sjukeheim, og deretter etter ein gitt frekvens. Pasientar som er underernærte har auka sjukdomsbyrde, forkorta forventa levetid, auka risiko for komplikasjonar, forverra fysisk og kognitiv funksjon, og det fører til redusert livskvalitet. 

Dei nasjonale kvalitetsindikatorane viser at det er ein auka prosentdel eldre som blir vurderte for risiko for underernæring. Dette gjeld anten dei bur på sjukeheim eller mottek helsetenester i heimen. 

I 2023 vart 57 prosent av dei på sjukeheim og 25 prosent av heimebuande vurderte for risiko. I 2022 var prosentdelen på 55 og 22 prosent. Prosentdelen har auka gradvis over fleire år. 

Førebygging er viktig 

Det er viktig å førebygge underernæring, og det kan vere vanskeleg å vite kven som står i fare for å bli eller som allereie er underernærte. I 2022 vart det anbefalt å bruke verktøyet Malnutrition Screening Tool (MST) som eit felles verktøy for vurdering av risiko for underernæring. Verktøyet er lett og raskt å bruke, og kan bidra til at fleire blir vurderte for risiko for underernæring på sikt. 

– Det er positivt at fleire blir vurderte for risiko for underernæring. Men i dei rapporterte tala frå kommunane varierer resultatet frå at alle pasientar, til at ingen pasientar, blir vurderte. Det er ulike grunnar til at vi ser så store forskjellar, til dømes kan noko skuldast ulik rapportering.
Det er ei sårbar gruppe som treng god og riktig oppfølging, og dette er noko som Helsedirektoratet, saman med kommunehelsetenesta, må jobbe vidare med, seier Guldvog. 

Aurskog-Høland eit godt døme 

Ein kommune med godt resultat er Aurskog-Høland. Her blir så og seie alle vurderte for underernæring når dei skal leggjast inn på sjukeheim, og om lag 3 av 4 som bur heime og mottek helsetenester blir vurderte. 

Kommunen oppretta ei fast stilling for klinisk ernæringsfysiolog i 2018. Sidan då har dei jobba  systematisk med  ernæringsarbeid, revidering av rutinar, opplæring og å auke kompetansen hjå tilsette. Dette har gitt gode resultat. 

Kvinnelig sykepleier
Ann-Kristin Ruud. Foto: Privat.

Ann-Kristin Ruud er virksomhetsleiar i Tjenester til hjemmeboende i Aurskog- Høland kommune. 
 
Ho fortel at dei har eit mykje større fokus på ernæring og konsekvensane av underernæring nå enn før. Det har positiv innverknad  på fleire område. 

– Sår gror fortare, pasientar kjem seg raskare til hektene og held seg i betre form med god ernæringsstatus, og det er både økonomisk og faglig viktig.  Stillinga til klinisk ernæringsfysiolog og det gode arbeidet som er gjort ute i tenestene i kommunen er ei veldig viktig brikke i dette arbeidet, fortel ho. 

– Det Aurskog-Høland har fått til her er eit godt døme på kontinuerleg forbetringsarbeid. Helsedirektoratet ser fram til å følge med på indikatorane og få til betring i kvaliteten på desse viktige tenestene for eldre. Vi håpar at kommunar lar seg inspirere av Aurskog-Høland og andre med gode resultat, seier Bjørn Guldvog. 

Alle kvalitetsindikatorane innan kommunale helse- og omsorgstenester er samla på ei side.

Det er resultat for 2023 på nasjonale kvalitetsindikatorar innan fleire kommunale og fylkeskommunale område, slik som legevakt, sjukeheim, tannhelseteneste, legemiddel og ernæring i kommunale helse- og omsorgstenester.  

Abonner på nytt eller oppdatert innhold