​Den avtalen som har eksistert mellom dei nordiske landa for å godkjenne helsepersonell gjensidig, blir ofte omtalt som nordisk overeinskomst eller Arjeplog-avtalen. Denne avtalen er no revidert etter ei semje mellom dei nordiske landa om at det var behov for endringar i avtalen.

Fordi alle dei nordiske landa set i verk det nye EØS-direktivet har den nordiske overeinskomsten mista tydinga si på fleire område. Det er likevel nokre område i avtalen som blir helde fram.

Revisjonen av avtalen inneber at dei som søker autorisasjon som helsepersonell i Noreg med grunnlag i autorisasjon frå eit anna nordisk land, skal bli behandla etter EØS-regelverket, og ikkje etter den noverande nordiske overeinskomsten.

Den nye avtalen trer i kraft når den er ferdig ratifisert i alle dei nordiske landa. Det er førebels ikkje klart når det skjer. I tida fram til den nye avtalen trer i kraft, vil dei som søker om norsk autorisasjon med autorisasjon frå eit anna land i Norden, bli behandla etter den noverande nordiske overeinskomsten.

Konsekvensar for søkarar

I den noverande overeinskomsten har dei som har søkt godkjenning i Noreg på grunnlag av autorisasjon frå eit anna nordisk land, i all hovudsak har fått norsk autorisasjon direkte. Revideringa av den nordiske overeinskomsten inneber at søkarane vil få utdanninga si vurdert etter EØS-regelverket.  

Denne endringa vil gje konsekvensar for søkarar i hovudsakeleg tre grupper:

  • dei som har teke utdanning for lenge sidan, men søker norsk autorisasjon no
  • dei som har autorisasjon frå eit anna nordisk land, men utdanninga frå eit land utanfor EU/EØS
  • dei som treng turnusteneste for å få autorisasjon i Noreg, det vil seie fysioterapeutar og kiropraktorar

Utdanning frå før EU-medlemskap eller EØS-samarbeidsavtale i utdanningslandet

Dei som har autorisasjon frå eit anna nordisk land basert på utdanning frå før utdanningslandet fekk EU-medlemskap eller EØS-samarbeidsavtale, vil bli vurdert for om dei treng rettleia praksis for å få norsk autorisasjon. Tidlegare har denne gruppa hatt rett til norsk autorisasjon utan rettleia praksis.

Dei som har utdanning frå utanfor EU/EØS, men autorisasjon i eit anna nordisk land

Dei som søker norsk autorisasjon med godkjenning frå eit anna nordisk land, men utdanning opphaveleg frå eit land utanfor EU/EØS, vil ikkje lenger verte direkte godkjende i Noreg.

Denne gruppa må anten ha jobba i det landet dei har autorisasjon i tre år før dei kan bli vurdert etter EØS-reglane, eller dei må søke om autorisasjon i Noreg på bakgrunn av utdanninga dei har frå landet utanfor EU/EØS. Om dei søker på bakgrunn av utdanning frå et tredjeland må dei òg gjennom kvalifiseringstiltak og norskprøve, før dei kan få norsk autorisasjon. 

Fysioterapeutar og kiropraktorar med nordisk utdanning som har krav til turnus

Fysioterapeutar og kiropraktorar som søker autorisasjon i Noreg med utdanning frå eit anna nordisk land vil få vurdert i behandlinga av autorisasjonssøknaden om dei må gjennomføre turnusteneste i Noreg. Det måtte dei ikkje i den noverande nordiske overeinskomsten.

Nordisk overeinskomst gjeld framleis for samarbeid med Grønland og Færøyene

Ein del av den nordiske overeinskomsten som held fram etter revisjonen er at vi framleis vil gje norsk  autorisasjon til sjukepleiarar og sunnhetsassistentar med utdanning frå Grønland, samt sjukepleiarar og sosial- og sunnhetsassistentar med utdanning frå Færøyane.

I tillegg skal vi framleis i den nordiske overeinskomsten sikre utveksling av informasjon og opplysingar frå tilsyn mellom Færøyane Grønland og dei nordiske landa. Dette er for at til dømes tilsynsreaksjonar i konkrete saker og informasjon som er viktig for pasienttryggleiken kan verte kjent for alle landa i avtalen, inkludert Færøyane og Grønland som ikkje er medlemmar av EU eller partnarar i EØS-avtalen.