31 av dei 100 vanlegaste helsesøka på Google handlar om kvinnehelse, eller helseutfordringar som berre råker kvinner. Kjønn har noko å seie for helse gjennom heile livet, og behovet for større satsing på kvinnehelse har blitt løfta fram gjennom mellom anna Kvinnehelseutvalget og kvinnehelsestrategien til regjeringa. Kvinnehelseutvalet peikar òg på utfordringa med at ingen fagorgan har det overordna ansvaret.
– Det er dette Helsedirektoratet no tek eit større ansvar for. Informasjon om problemstillingar relatert til kvinnehelse er etterspurd. På den nye temasida finn du kvalitetssikra kunnskap om kvinnehelse samla på ein stad, seier Mariann Hornnes, konstituert direktør i Helsedirektoratet.
Du finn temasida her: helsenorge.no/kvinnehelse
Temasida inneheld mellom anna informasjon om:
-
Overgangsalder
-
Menstruasjon og syklus
-
Graviditet
-
Prevensjon
-
Endometriose
Eit av fleire tiltak for kvinnehelse
Temasida på Helsenorge er eit av fleire tiltak frå helsemyndigheitene på kvinnehelseområdet.
– Målet blir sjølvsagt ikkje nådd med denne sida åleine, og Helsedirektoratet jobbar for betre kvinnehelse langs fleire spor. For augeblikket utarbeider vi mellom anna ei retningslinje for endometriose, reviderer nasjonal fagleg retningslinje for barselomsorg, utviklar digitalt helsekort for gravide, og bidreg med å setje spørsmål om kvinnehelse på den internasjonale dagsordenen, held Hornnes fram.
I desse dagar hentar òg Helsedirektoratet inn ferske erfaringar om svangerskap, fødsel og barselomsorga frå kvinner som nyleg har fødd gjennom ei brukarundersøking, for å kunne bidra til å utvikle tenestene der "skoen trykkjer".