Artikkelen er over ett år gammel, informasjonen kan være utdatert.
Akuttmedisinforskrifta krev at 90 prosent av dei som ringer 113 skal få svar innan 10 sekund. I dag klarer 15 av 16 AMK-sentralar dette kravet.
Forskrifta krev og at 80 prosent av dei som ringer legevakt på 116117 skal få svar før det har gått to minutt. I dag klarer ein av tre legevaktsentralar dette kravet, to av tre sentralar klarar det ikkje. Det er i dei store byane at flest må vente i meir enn to minutt på få svar.
– Det er bra at folk får raskt svar når dei ringer 113. Det er dit folk skal ringe når liv eller helse er i fare. Samstundes er det ei utfordring at mange ikkje får svar innan to minutt når dei ringer legevakt, seier Steinar Olsen, direktør for avdeling akuttmedisin og beredskap i Helsedirektoratet.
Lett å finne informasjon
Frå 8. Juni 2023 kan du enkelt finne informasjon på Helsedirektoratets nettsider om svartider for kvar einskild legevaktsentral (116117) og kvar einskild 113-sentral (akuttmedisinsk kommunikasjonssentral - AMK
Olsen meiner det er viktig at Helsedirektoratet no gjer denne informasjonen lett tilgjengeleg
– Vi har eit felles mål om å gje gode tenester til innbyggjarane. For å kunne gjere det, er det viktig at både kommunane, helseføretaka, Helsedirektoratet og tilsynsmyndigheitene veit kva situasjonen er. Ved å gjere denne informasjonen lett tilgjengeleg gjev vi kommunane og helseføretaka eit betre grunnlag for å utvikle og forbetre tenestene der det er behov for det, seier Olsen.
Skilnad i ventetider
Folk som ringer legevakt i dei store byane, må som oftast vente lenger på svar enn dei som ringer legevakt utanfor dei store byene.
– Legevakta er ein viktig del av helsetilbodet til innbyggjarane. Det er viktig at det finst ein stad du kan ringe når du treng helsehjelp og det ikkje er så alvorleg at du trenger øyeblikkeleg hjelp. Vi vil bruke resultata vi har fått fram no til å jobbe saman med kommunane om å utvikle legevakttilbodet, seier Olsen.
Fakta
- Når du treng øyeblikkeleg hjelp skal du ringe 113.
- Når du treng helsehjelp som ikke kan vente til neste virkedag og det er stengt hos fastlegen, men du ikkje treng øyeblikkelig hjelp, skal du ringe legevakt på telefon 116117. Når du ringer dette nummeret, blir du sendt direkte til nærmaste legevaktsentral.
- Akuttmedisinforskrifta krev at:
- 90 prosent av dei som ringer 113 (Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral - AMK) skal få svar før det har gått 10 sekund
- I ein normalsituasjon skal 80 prosent av dei som ringer legevakt (116117) få svar innan to minutt
- 15 av landets 16 AMK-sentralar klarer kravet om at 90 prosent av dei som ringer skal få svar innen 10 sekund (tal for 2022)
- Ved ein av tre legevaktsentralar får 80 prosent av dei som ringer svar før det har gått to minutt (tal for 2022)
- Ved to av tre sentralar får mindre enn 80 prosent svar innan det har gått to minutt (tal for 2022)
- Gjennomgåande er det legevaktsentralane i distrikta som svarer den høgaste andelen av innringjarar innan det har gått to minutt.
- Manga av dei som ringer legevakt i dei store byane, må vente i meir enn to minutt på få svar.
- Svartider på legevaktsentralane - 116117
- Svartider på AMK-sentralane – 113
- Helseføretaka har ansvar for 113 (akuttmedisinsk kommunikasjonssentral - AMK).
- Kommunane har ansvar for legevakt (legevaktsentral 116117).
- Helsedirektoratet si rolle er å følgje med på og kartleggje tilhøva og gje vegleiing og faglege råd til helsetenesta.
- Helsetilsynet har ansvar for å føre tilsyn med verksemdene.