Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Tilskotskonferanse for frivillig og ideell sektor

Mange mennesker

Konferanse om tilskot

Vi inviterer frivillig og ideell sektor til konferanse for å gje informasjon om utlysingane av tilskot denne hausten. Vi informerer òg om den nye tilskotsportalen og sakshandsaminga i samband med søknadar og rapportar. I tillegg orienterer vi om relevante planar og meldingar innanfor sektoren

  • 17. oktober 2024
  • 10:00–15:00
  • Helsedirektoratet, Vitaminveien 4, Oslo
  • Påmeldingsfrist 13. oktober 2024
Konferanse

Om arrangementet

Vi ynskjer å møte frivillig og ideell sektor både for å informere om aktuelle tilskotsordningar og samstundes gje innblikk i våre prosessar frå utlysing til rapportering.

I tillegg til det planlagde programmet vil vi og ha standar i mingleområdet før oppstart og under lunsjen, der de kan møte sakshandsamarar frå aktuelle avdelingar i Helsedirektoratet.

Sidan vi har avgrensa plass, vil det berre vere mogleg å melde på to personar frå kvar organisasjon. Andre kan følgje konferansen digitalt. 

Mingleområdet opnar kl. 9.15.


Program

10.00-10.05  Velkomen ved Bjørn Guldvog

10.05-10.20  Tilskot frå Helsedirektoratet til frivillig og ideell sektor

10.20-10.40  Endringar og status etter statsbudsjettet

10.40-10.55  Eksempel på tiltak som har fått tilskot

10.55-11.10  Beinstrekk

11.20-12.00  Orientering om relevante planar og meldingar:

  • Opptrappingsplanen for psykisk helse
  • Folkehelsemeldinga og Bu trygt heime-reforma
  • Nasjonale faglege råd for brukar- og pårørandemedvirking innan rus- og psykisk helse

12.00-12.45  Lunsj

12.45-12.55  Eksempel på tiltak som har fått tilskot

12.55-13.10  Årets utlysingar

13.10-13.50  Ny tilskotdsportal og krav til søknadane

13.50-14.05  Beinstrekk

14.05-14.55  Sakshandsaming i Helsedirektoratet

14.55-15.00  Avslutning

Først publisert: 11.09.2024 Siste faglige endring: 11.09.2024 Se tidligere versjoner