Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Kommersielle helsedeterminantar og deira påverking på politikkutforming

Commercial Determinants of Health

Webinaret har som mål å rette søkelys på strategiar sett av kommersielle aktørar for å påverke politiske prosessar og avgjersler.

  • 29. oktober 2024
  • 13:00–14:00
  • Digitalt
  • Gjennomført, se videostream
Webinar

Se videostream

https://bcove.video/3zA9htz (lenken blir aktiv 15 minutter før webinaret startar)

Om arrangementet

Den kommersielle sektoren spelar ei avgjerande rolle når det kjem til påverking i prevalens av ikkje smittsame sjukdommar (non-communicable diseases NCDs) gjennom praksis, produkt og system. Dette webinaret har som mål å rette søkelys på strategiar sett av kommersielle aktørar for å påverke politiske prosessar og avgjersler. Potensielle strategiar for slutningstakerar for å hindre at kommersielle interesser undergrev politikk som skal fremje helse blir også løfta fram.

Til webinaret har me invitert professor Anna Gilmore frå Universitetet i Bath som vil gi ein introduksjon til konseptet kommersielle helsedeterminantar. Professor Karine Gallopel-Morvan, frå det nasjonale instituttet for helse og medisinsk forsking i Frankrike, vil gi konkrete eksempel på korleis alkoholindustrien har jobba aktivt mot at alkoholhaldige produkt vert merka med helsevarslar. I tillegg kjem også Sara Cerdas, tidlegare medlem av Europaparlamentet, for å drøfte korleis kommersielle aktørar har prøvd å påverke politiske prosessar. Ho vil kome med forslag til strategiar som kan minske deira påverknad. Webinaret blir moderert av Arnfinn Helleve, senterleiar på Senter for evaluering av folkehelsetiltak på FHI og arbeidspakkeleiar for arbeid retta mot regulering og skattlegging i JAprevetnNCD.

Dette webinaret, som er det fyrste i ein planlagt serie i Joint Action preventNCD, er relevant for politiske slutningstakerar i ulike sektorar, organisasjonar, akademikarar og andre som jobbar for å førebygge ikkje smittsame sjukdommar.

Først publisert: 08.10.2024 Siste faglige endring: 08.10.2024 Se tidligere versjoner