Kompetanseløft 2020

Kompetanseløft 2020 er regjeringa sin plan for rekruttering, kompetanseheving og fagutvikling i den kommunale helse- og omsorgstenesta fram mot år 2020. Les om Kompetanseløft i statsbudsjettet for 2016.

Planen omfattar over 50 ulike tiltak, fordelt på seks strategiar:

  1. Sikre god rekruttering og stabil bemanning av helse- og sosialfagleg personell
  2. Sikre at grunn- og vidareutdanningane har god kvalitet og er tilpassa kva tenestene treng
  3. Auke kompetansen hos dei tilsette med mål om styrka forsking, innovasjon og kunnskapsbasert praksis
  4. Leggje til rette for tenesteutvikling, teamarbeid og innovasjon
  5. Bidra til god praksis, fagleg utvikling, større fagleg breidd og kunnskapsspreiing
  6. Bidra til betre leiarskap gjennom målretta satsing på auka kompetanse for leiarar

Føremålet med Kompetanseløft 2020, heretter kalla K2020, er å bidra til ei fagleg sterk teneste, og å sikre at dei kommunale helse- og omsorgstenestene har tilstrekkeleg og kompetent bemanning. Regjeringa ønskjer å byggje ei framtidsretta helse- og omsorgsteneste i kommunane som grunnmur i pasienten si helseteneste i tråd med intensjonar i primærhelsetenestemeldinga. Ei meir brukarorientert helse- og omsorgsteneste vil krevje omstilling og nytenking. Brukarar i kommunane har meir omfattande og samansette behov for tenester enn tidlegare. Dette påverkar kompetansebehovet, krev god leiarskap og nye måtar å samarbeide og organisere tenestene på.

Behovet for ei heilskapleg tilnærming til stadig meir kunnskapsbaserte tenester for brukarar med komplekse tilstandar er førande for K2020. Dei samla utfordringane til kommunane skal møtast med meir tverrfagleg samarbeid og ein praksis som er meir kunnskapsbasert. Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenesta definerer kunnskapsbasert praksis som faglege avgjerder bygt på forskingsbasert kunnskap, erfaringsbasert kunnskap frå praksis og på pasienten sin eigen kunnskap og medverknad. Kunnskapsbasert praksis vil kunne styrkje kvaliteten på tenestene.

Bakgrunn 

Med Kompetanseløft 2020 vidareførast fleire tiltak frå Kompetanseløftet 2015, som sidan 2007 har vore rekrutterings- og kompetanseplan for den kommunale omsorgstenesta. For å skape ei  heilskapleg teneste i tråd med framtidas primærhelseteneste er K2020 utvida til å omfatte kompetanse-, fagutviklings- og rekrutteringstiltak for heile den kommunale helse- og omsorgstenesta.

Nasjonal leiarutdanning for primærhelsetenesta

Satsing på leiarutdanning i primærhelsetenesta er forankra i Kvalitetsavtalen mellom regjeringa og KS, og er omtala i Meld.St. 26 (2014-2015) Fremtidens primærhelsetjeneste - nærhet og helhet

Utdanninga gjer 30 studiepoeng og kan gjennomførast som sjølvstendig modul eller som del av eit samla masterstudium. Kursavgifta dekkjas av Helsedirektoratet.

Målgruppa for leiarutdanninga er einings- eller verksemdsleiarar som rapporterer til rådmanns-, kommunaldirektør- eller fylkestannlegenivå. I tillegg kan andre med relevant leiaransvar eller som planlegg å ha stort leiaransvar søkje. Vi tilrår at leiargrupper i same område søkjer opptak samstundes.

Utdanninga tilbys ved Handelshøyskolen BI

​Tilskudd til kompetanse og innovasjonsprosjekt

Kommuner kan årlig søke om kommunalt kompetanse og innovasjonstilskudd.

Kompetanseløftet 2015

Kompetanseløftet 2015 var handlingplan for rekruttering og kompetanseheving i kommunale omsorgstjenester i perioden 2007-2015.  I årsrapportene beskrives utvikling og måloppnåelse for Omsorgsplan 2015, Kompetanseløftet 2015 og Demensplanen 2015. Antall årsverk i helse- og omsorgstjenestene i kommune har en positiv utvikling. Andelen med høyere utdanning økes gradvis, men det er utfordrende å rekruttere nok helsefagarbeidere.

For å nå de fem delmålene for Kompetanseløftet 2015 kreves samspill mellom myndigheter, partene i arbeidslivet, utdanningsinstitusjoner og andre aktører, på mange nivåer. I årsrapportene gis årlige oppdateringer om hvordan man ligger an når det gjelder å nå de fem delmålene for handlingsplanen.

Årsrapporter for Omsorgsplan 2015 kan lastes ned her.

Evaluering av Kompetanseløftet 2015

Evalueringen utføres av Norsk institutt for by- og regionsforskning (NIBR) i samarbeid med Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU).

 

 

Sist faglig oppdatert: 4. november 2016

skriv ut del på facebook del på twitter