Vil du betre pasienttryggleiken og jobbe med kvalitetsforbetring i Noreg? Vi søkjer ein rådgivar/seniorrådgivar som har erfaring og kompetanse innanfor pasienttryggleik og forbetringsarbeid i helsetenesta.

Vi søkjer deg som har erfaring og kompetanse innanfor pasienttryggleik, forbetringsarbeid og brukarmedverknad, og som har eit sterkt ønske om å bidra til å betre pasienttryggleiken i helse- og omsorgstenesta. 

Dei viktigaste arbeidsoppgåvene dine vil vere prosjektleiing knytt til implementering av innsatsområde i avdelinga. I tillegg vil du bli involvert i prosjekt om brukarmedverknad og opplæring i forbetringsarbeid i helsetenesta. Arbeidsoppgåvene vil òg inkludere planlegging og gjennomføring av samlingar og konferansar i regi av avdelinga.

Stillinga er fast i 100 % og er knytt til avdeling for kvalitetsforbetring og pasienttryggleik. Avdelinga har i dag om lag 24 årsverk.

Ansvarsområde og sentrale oppgåver

  • gi støtte og rettleiing i forbetrings- og implementeringsarbeidet
  • ha ansvar for å utvikle og følgje opp innsatsområda som rettar seg mot helse- og omsorgstenesta, inkludert brukarmedverknad
  • samarbeide med ressurs- og fagmiljø i helsetenesta

  • presentere og formidle kunnskap om kvalitetsforbetring og pasienttryggleik
  • bidra med innsikt og innspel til avdelingsleiinga

 Du må ha

  • høgare utdanning, helst innanfor medisin og helsefag
  • lang leiarerfaring frå kvalitetsarbeid
  • lang erfaring med pasienttryggleiks- og kvalitetsarbeid i større organisasjonar
  • kunnskap om og erfaring frå arbeid med pasienttryggleik og forbetringsarbeid
  • erfaring frå og kunnskap om måling og statistisk prosesskontroll
  • evne til å jobbe i team med høgt tempo
  • god munnleg og skriftleg formuleringsevne på norsk og engelsk

Vi ønskjer òg at du

  • har erfaring med å halde i komplekse prosessar med fleire ulike aktørar
  • har erfaring med kunnskapsbasert praksis
  • ser kvar det er rom for å vidareutvikle fagområdet og auke kvaliteten på arbeidet


Personlege eigenskapar

  • jobbar sjølvstendig og strukturert
  • er initiativrik og engasjert
  • er ein god nettverksbyggjar
  • er ein god lyttar med gode samarbeidsevner
  • har god gjennomførings- og formidlingsevne

Vi tilbyr

  • lønn som seniorrådgivar (stillingskode 1364) i spennet 700 000–882 900 kroner
  • høve til å trene i arbeidstida i lokala våre
  • gode ordningar for pensjon, lån og forsikring i Statens pensjonskasse
  • gode seniorordningar frå 62 år
  • fleksibel arbeidstid og betalt overtid

I Helsedirektoratet får du kollegaer som er stolte av jobben sin, og som utfører han med stort engasjement. Vi ønskjer deg velkommen inn i eit arbeidsfellesskap der tverrfagleg samarbeid er heilt avgjerande.

Mangfald i Helsedirektoratet

Medarbeidarane i Helsedirektoratet skal representere heile den norske befolkninga, og vi vil ha tilsette med forskjellig alder, kjønn og bakgrunn. Vi er ei IA-bedrift (inkluderande arbeidsliv), og vi ønskjer å leggje til rette for tilsette med redusert funksjonsevne.

Offentleggjering av søkjarliste

Vi gjer merksam på at opplysninga om at du er søkjar, kan bli offentleggjord sjølv om du har bedd om å ikkje bli oppført på søkjarlista, jf. offentleglova § 25.

Ta gjerne kontakt med oss

Dersom du har spørsmål om stillinga, kan du ta kontakt med sekretariatsleiar Anne-Grete Skjellanger på telefon 408 54 891. Oppgi kunngjeringsnummer 17/2018 dersom du kontaktar oss.

Søk elektronisk

Registrer søknaden din på helsedirektoratet.no. Søknadsfrist: 18. april 2018


Registrer søknad