Vi søkjer etter ein rådgivar/seniorrådgivar til spennande oppgåver i Helsedirektoratet innanfor tannhelsefeltet, mellom anna utgreiingsarbeid og prosjektleiaransvar i samband med oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet og tilskotsforvalting.

Helsedirektoratet skal styrkje helsa til heile befolkninga gjennom heilskapleg og målretta arbeid på tvers av tenester, sektorar og forvaltingsnivå. Det skal vi gjere med utgangspunkt i rolla som fag- og myndigheitsorgan. Det vil mellom anna seie at vi skal vere ein fagleg rådgivar, setje i verk vedteken politikk og forvalte lover og regelverk innanfor helsesektoren. I tillegg har Helsedirektoratet eit samla ansvar for den nasjonale helseberedskapen.

Avdelinga har i dag om lag 19 årsverk. Tannhelseteamet har seks tilsette – fire av dei tannlegar. Teamet arbeider med tannhelsefaglege oppgåver i avdelinga og bidreg med tannhelsefagleg kompetanse i oppgåvene til andre avdelingar. Avdeling for kommunale helse- og omsorgstenester har brei helsefagleg kompetanse som reflekterer helsetenesta i kommunar og fylkeskommunar.

Stillinga er fast 100 % og plassert i Helsedirektoratet sine lokale i Oslo. Deltid kan òg vere aktuelt. Personen som blir tilsett, kan få teamleiaransvar for tannhelsefeltet i avdelinga.

 

Ansvarsområde og sentrale oppgåver

  • utgreiingsoppgåver
  • prosjektarbeid/prosjektleiing
  • tilskotsforvalting
  • løpande saksbehandling
  • ev. teamleiaransvar

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Vi ser etter deg som er fagleg dyktig, er open og har gode evner til samarbeid.

Du må ha:

  • fullført tannlegeutdanning
  • evne til å etablere gode relasjonar og samarbeide godt på tvers av organisasjonen
  • evne til å arbeide systematisk, metodisk og ryddig
  • høg standard for kvalitet og kvantitet
  • gode kommunikasjonsevner
  • god skriftleg      og munnleg framstillingsevne

 Vi ønskjer òg at du har

  • relevant prosjektleiarerfaring
  • evne til å arbeide effektivt i eit hektisk miljø
  • PhD eller forskingserfaring
  • leiarerfaring

Vi tilbyr

  • stilling som seniorrådgivar (stillingskode 1364) med lønn mellom kr 623 900 og kr 910 900
  • spennande arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
  • høve til å trene inntil to timar i veka i arbeidstida i lokala våre
  • gode ordningar for pensjon, lån og forsikring i Statens pensjonskasse
  • gode seniorordningar frå 62 år
  • fleksibel arbeidstid og betalt overtid
  • sentral plassering i Oslo

I Helsedirektoratet får du kollegaer som er stolte av jobben sin, og som utfører han med stort engasjement. Vi ønskjer deg velkommen inn i eit arbeidsfellesskap der tverrfagleg samarbeid er heilt avgjerande.

Mangfald i Helsedirektoratet

Medarbeidarane i Helsedirektoratet skal representere heile den norske befolkninga, og vi vil ha tilsette med forskjellig alder, kjønn og bakgrunn. Vi er ei IA-bedrift (inkluderande arbeidsliv), og vi ønskjer å leggje til rette for tilsette med redusert funksjonsevne.

Offentleggjering av søkjarliste

Vi gjer merksam på at opplysninga om at du er søkjar, kan bli offentleggjord sjølv om du har bedd om å ikkje bli oppført på søkjarlista, jf. offentleglova § 25.

Ta gjerne kontakt med oss

Dersom du har spørsmål om stillinga, kan du ta kontakt med seniorrådgivar Siri Christine Rødseth på tlf. 24 16 38 81, eller med avdelingsdirektør Per Magne Mikaelsen på tlf. 992 68 448. Oppgi kunngjeringsnummer 12/2018 dersom du kontaktar oss skriftleg.

Søk elektronisk

Registrer søknaden din på helsedirektoratet.no. Søknadsfrist: 3. april


Registrer søknad