Pasient- og brukarombodet blir kontakta av pasientar, brukarar og pårørande og vi informerer om rettar, klage- og erstatningsordningar. Vi gir råd og rettleiing, hjelper til med å formulere klager og deltar i møter mellom pasientar og helsepersonell. Vi har utstrakt kontakt med pasientar, brukarar og tilsette i helse- og omsorgstenesta.

Pasient- og brukarombodet skal arbeide for å betre kvaliteten i helse- og omsorgstenestene. Møter og dialog med helseføretak og tenestestader er ein viktig del av arbeidet vårt. Vår verksemd omfattar informasjonstiltak, førelesningar og kontakt med brukarorganisasjonar. Vår nye medarbeidar må rekne med noko reising.

Stillinga er mellombels og varar i  to år. Fast tilsetting er mogleg.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar

Som rådgjevar hos oss må du ha relevant arbeidserfaring og høgare utdanning, helst med juridisk og/eller helsefaglig kompetanse. Du må ha god kunnskap om spesialisthelsetenesta, den kommunale helse- og omsorgstenesta, offentleg forvaltning og helserett.

Vi set høge krav til at du kan arbeide sjølvstendig og ta initiativ. Du må kunne uttrykke deg godt på norsk både munnleg og skriftlig.

Vi søker ein kollega som finn løysningar som kanskape og få kontakt. Vi legg stor vekt på at du har dei rette personlege eigenskapane og at du har evne til å samarbeide på tvers av fagområde. Det er en fordel om du har erfaring frå utetterretta verksemd og prosjekt-/utgreiingsarbeid.

Lang og relevant erfaring kan i noen tilfelle vege opp for kravet om høgare utdanning.

Vi tilbyr

  • lønn som rådgjevar (stillingskode 1434) i lønnstrinn 55-62 (kr 474 700      - 537 700). Spesielt godt eigna søkjarar kan bli tilsett som seniorrådgjevar (stillingskode 1364) i lønnstrinn 60-66 (kr 517 700 – 579 300)
  • gode ordningar for pensjon, lån og forsikring i Statens pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstid og betalt overtid
  • gode seniorordningar frå 62 år
  • kontorlokale sentralt i Tromsø (Fylkeshuset, Strandveien 13)
  • moglegheit for trening i arbeidstida

Ved kontoret er det to tilsette i tillegg til ombodet. Vi ønskjer deg inn i et arbeidsfellesskap med dyktige kollegaer som er stolte av jobben sin, og kor tverrfaglig samarbeid står sentralt.

 Mangfald i Helsedirektoratet

Den statlege arbeidsstyrken skal spegle mangfaldet i folket. Difor vil vi ha mest mogleg jamvekt mellom menn og kvinner og mellom eldre og yngre. Vi ønskjer òg å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.  Vi er ei IA-bedrift  (inkluderande arbeidsliv), og vi ønskjer å leggje til rette for tilsette med redusert funksjonsevne.

Offentliggjøring av søkerliste

Vi gjer merksam på at det kan bli  offentliggjort  at du søkjer på stillinga, sjølv om du har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jf. offentleglova § 25.

Ta gjerne kontakt med oss

Dersom du har spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med  pasient- og brukarombod Odd Arvid Ryan på telefon 77 75 10 00.  Referer til  kunngjeringsnummer 04/2018 dersom du kontaktar oss.

Søk elektronisk

Registrer søknaden din på helsedirektoratet.no. Søknadsfrist: 18.02.2018.


Registrer søknad