Statistisk sentralbyrå har fått i oppdrag av Helsedirektoratet å gjennomgå modellen helsemod, som vert brukt for å rekne ut kva behov for helsepersonell vi truleg vil få i framtida.

Helsemod er eit rekneverktøy som systematiserer dei viktigaste faktorane for utviklinga av tilbod og etterspurnad etter ulike typar helse- og sosialpersonell. Helsedirektoratet nyttar desse utrekningane saman med andre vurderingar, mellom anna til å gje råd til politiske styresmakter om kva ein skal vere merksam på i framtida.

Vurderinga av modellen er gjort ved å sjå attende i tid og vurdere korleis utrekninga som var gjort i 2000 passar med den faktiske utviklinga frå 2000 til 2014. Dei har altså teke berekninga frå 2000 og lagt den oppå røyndomen frå 2000 til 2014 for å sjå korleis bileta passar saman.

Gjennomgangen syner at modellen treff ganske bra for dei store yrkesgruppene, men at den treff mindre presist for mindre grupper. Det kan sjå ut til at modellen er et godt bidrag som vi i Helsedirektoratet kan nytte saman med annan informasjon i overordna planlegging av behov for personell i framtida. Men vi ser òg at ein må vere varsam med å nytte denne framskrivinga aleine til å slå fast konkrete tal for kor mange vi vil trenge av kvar einskild yrkesgruppe langt fram i tid.

Til dømes klarar vi å føreseie at det vil vere meir behov for personell som driv med førebygging og rehabilitering, men modellen har ikkje klart å treffe forholdet mellom yrkesgruppene på området. Vi ser at etterspurnaden etter ergoterapeutar overvurdert og etterspurnaden etter fysioterapeutar undervurdert.

Helsedirektoratet skal følgje vidare med på utviklinga av behovet for helsepersonell i framtida. Gode analysar og framskrivingar er viktige for å finne dei rette løysingane på den globale underdekninga av helsepersonell. Vi er òg i tett dialog med dei store globale aktørane på feltet som EU og WHO, og ser til andre land for å få innspel til å forbetre metodane våre.

Sjå heile rapporten hos Statistisk sentralbyrå

skriv ut del på facebook del på twitter