​Ansvar, roller og oppgåver i spesialistutdanninga for legar er skildra i forskrifta og ein kan også lese meir på nettstaden til Helsedirektoratet

Nytt i forskrifta er at arbeidsgivarar som skal ha legar i spesialisering i allmenn-, samfunns- og arbeidsmedisin må

  • vere registrert som utdanningsverksemd
  • utarbeide utdanningsplan for spesialiteten
  • utarbeide og følge opp individuell utdanningsplan
  • sørge for at alle LIS-legar får individuell rettleiing

Registrering som utdanningsverksemder

Verksemder innan ASA-spesialitetane, som har eller skal ha legar i spesialisering, må registrere seg som utdanningsverksemder. Verksemdene skal søke om registrering digitalt via Altinn. Skjemaet vil vere klart i løpet av januar. Søknad om å bli registrert som utdanningsverksemd må sendast innan 1. juni 2019.

Generell utdanningsplan

Til grunn for søknaden ligg ein utdanningsplan for den spesialiteten som ein søker om registrering for. Det er arbeidsgivaren som utarbeider utdanningsplanen, men Helsedirektoratet vil hjelpe med ein tilrådd plan som skildrar kva læringsmål som skal vere oppnådd og kva læringsaktiviteter, læringsarenaar og vurderingsformer som kan nyttast for å oppnå læringsmåla. Planen vil vere klar på nyåret.

Individuell utdanningsplan

Med utgangspunkt i den generelle utdanningsplanen for den einskilde spesialiteten, skal kvar LIS ha sin eigen individuelle utdanningsplan. Dette vil bidra til eit planlagt og føreseieleg spesialistutdanningsløp.

Individuell rettleiing

Med revidert forskrift får også LIS-legar i allmenn-, samfunns- og arbeidsmedisin rett til ein individuell rettleiar. Arbeidsgivar skal utnemne rettleiar og sørge for at tilstrekkeleg rettleiing finn stad.

Digital kompetanseportal

Helsedirektoratet har etablert ein digital kompetanseportal som skal brukast til å følge opp LIS-legane og dokumentere læringsmål og læringsaktivitetar. Portalen vil vere tilgjengeleg for kommunane innan 1. mars 2019.

Konferanse 30. januar

Onsdag 30. januar har vi ein ASA-konferanse på Gardermoen- Radisson Blu. Her vil vi gi informasjon om den nye ordninga og vi oppmodar til deltaking på konferansen. Konferansen vi også bli strøymd.