Den nye tenesta for luftkvalitet i Noreg gjev eit godt verktøy til kommunane i landet til arbeidet med lokal luftforureining. Innbyggjarane får lett tilgjengeleg og oppdatert informasjon om luftkvaliteten der dei bur og er.

For høge konsentrasjonar av svevestøv og nitrogendioksid kan vere skadeleg for helsa til alle menneske, men born, eldre og dei som har problem med luftvegar eller hjarte og kar er særskild sårbare.

Les meir om luftkvalitet i Noreg hos Folkehelseinstituttet