– Den nye retningslina er meir presis enn den førre, både i utforming og innhald. Den skal vere eit enkelt og oversynleg verktøy som stør og rettleier legar og jordmødrer i deira arbeid med dei gravide, seier  Linda Granlund, divisjonsdirektør i Helsedirektoratet.

Frå 123 til 24 

I arbeidet med den oppdaterte retningslina har arbeidsgruppa skrella bort nær hundre tilrådingar og funne fram til dei 24 viktigaste. Det gjer bruken særs mykje lettare.

– Retningsliner skal brukast, og da er det naudsynt at dei er enkle og intuitive. Vi veit det er mykje å setje seg inn i, og har difor freista å sile bort tilrådingar som ikkje er naudsynte for å framheve det som er viktig, seier Granlund.

Levevaner vert framheva

I den nye retningslinja framhevar vi samtaler og oppfølging som krinsar kring kosthald, fysisk aktivitet, tobakk og bruk av alkohol. Det er ønskeleg at den gravide oppsøker lege eller jordmor så snart som mogleg etter positiv test, og vi tilrår at det ikkje går meir enn ei veke frå bestilling av time til timen finn stad.

– Gravide er gjerne viljuge til å endre seg, og mange er opne for å få hjelp til å gjere noko med eigne levevanar  til det beste for barnet. Difor er det viktig at lege eller jordmor kjem tidleg på bana for at den gravide raskt skal få hjelp og oppfølging. Små justeringar tidleg kan ha stor effekt, seier Granlund.

Lege eller jordmor i svangerskapsomsorg? Det er valfritt.

Nasjonal faglig retningslinje for svangerskapsomsorgen