Helsedirektoratet publiserte den nye retningslina torsdag 6. desember, og den skal gi folk som jobbar med barn fagleg støtte for eit sunt kosthald.

I Noreg går 9 av 10 barn i barnehage, seier Ellen Margrete Carlsen, avdelingsdirektør i Helsedirektoratet. For barn i barnehagar er måltida i barnehagen ein viktig del av kva dei dagleg får av mat og drikke, anten dei har hatt maten med seg eller har fått den servert. Mat og måltid i barnehagen har derfor stor tyding for kosthaldet og matvanane til barna, og dermed også helsa deira, seier ho.

Mat og måltider i barnehagen – nasjonal fagleg retningsline

Ulike ønske

Styrarar og anna personell i barnehagen opplever at det er mange ulike syn på kva som er eit sunt kosthald når foreldre og andre kjem med ulike ønske. Det er difor viktig at tilsette i barnehagane kan følgje oppdaterte tilrådingar tufta på kunnskap, når dei skal jobbe med mat til barna.

– Dersom dei følgjer retningslinene kan dei lettare leggje måltid til rette slik at dei tek vare på behova barna har for energi og næringsstoff.  Det er også viktig å skape det sosiale samværet som måltida representerer, seier Carlsen.

Nye tema

Revidering av retningsliner for mat og måltid i barnehagen og støttemateriellet som høyrer til, er eit av punkta som blir følgt opp frå Nasjonal handlingsplan for bedre kosthold (2017–2021), der målet mellom anna er å auke inntak av frukt og grønsaker, grove kornprodukt og fisk og sjømat med 20 prosent innan 2020.

Den nye retningslina dekker i tillegg nokre emne som ikkje har vore inkludert tidlegare. Desse er:

  • Matallergi, matintoleranse og etevanskar

  • Berekraft og miljøomsyn

  • Tydlegare krav til sosiale og pedagogiske rammar for måltidet

I tillegg er det laga refleksjonsspørsmål til kvar tilråding, som kan nyttast til å finne den beste løysinga for kvar einskild barnehage.

– Noreg har forplikta seg til å redusere klimagassutsleppa. Berekraftig forbruk og forbruksmønster er eit av berekraftmåla til FN. Miljøvennleg praksis med lite matsvinn, hovudsakeleg plantebaserte matvarer og eit kosthald i tråd med kostråda er eit bidrag til dette arbeidet, saman med mindre bruk av eingongsartiklar, seier Carlsen. 

Om retningslina

Tilrådingane om ernæring og kosthald i retningslina er tufta på Anbefalinger om kosthold, ernæring og fysisk aktivitet (Helsedirektoratet 2014). Dei norske tilrådingane bygger på ein gjennomgang av den vitskaplege litteraturen om samanhengen mellom kosthald, fysisk aktivitet og helse. Dei er tufta på tilgjengeleg vitskapeleg dokumentasjon i dag. I tillegg blir kosthaldet til barn skildra med bakgrunn i den siste nasjonale kosthaldsundersøkinga blant 4-åringar, og retningslina er forankra i gjeldande lover og forskrifter, som barnehagelova, folkehelselova, matlova, forskrift om rammeplan for innhald og oppgåver i barnhagen og forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skuler m.v.

Publikasjonane er i ferd med å bli sendt alle barnehagar, kommunar, fylkeskommunar og nasjonale sentre.