​Helsedirektoratet har sidan 2015 i samarbeid med KS lagt til rette for å styrke leiarkompetansen i kommunale helse- og omsorgstenester og i fylkeskommunale tannhelsetenester. Handelshøyskolen BI fekk oppdraget med å gjennomføre ei nasjonal leiarutdanning for primærhelsetenesta som Rambøll Management Consulting nå har evaluert.

Våren 2018 vil 421 leiarar ha gjennomført vidareutdanninga sidan starten, og fire nye klassar med 216 studentar startar hausten 2018. 

- Det er gledeleg å merke seg at leiarar som har teke denne utdanninga, kjenner seg modigare til å gjennomføre endringar og utvikling i organisasjonen, seier helsedirektør Bjørn Guldvog. 

Primærhelsetenesta står overfor store utfordringar med mellom anna overføring av store oppgåver frå spesialisthelsetenesta til kommunale helse- og omsorgstenester, fleire eldre innbyggjarar og mindre tilgang på helsepersonell i åra som kjem. Det er nødvendig å tenkje nytt om korleis tenestene skal nå ut til dei som treng det mest, mellom anna gjennom auka digitalisering av tenestene slik at det vert til nytte for innbyggjarane og dei tilsette.

- Kommunane treng trygge og innovative leiarar som kan leie endrings- og utviklingsarbeidet som må til for å møte morgondagens utfordringar i helse og omsorg, seier Guldvog.
 
Evaluering av utdanningstilbudet «Nasjonal lederutdanning for primærhelsetjenesten» (PDF)