​Slik nominerer du

Send ei lang eller kort melding til Øystein Tveite ved sekretariatet i Helsedirektoratet no med ein gong – og seinast innan 10. april.

Meldinga må innehalde: 

  • kven fortener prisen
  • kort grunngjeving (frå ei halv til tre sider)
  • ditt namn (og gjerne e-postadresse)

Om prisen

Karl Evang-prisen vart oppretta i 1981 som honnør til den tidlegare helsedirektøren (wikipedia.no) for den sosialmedisinske pionerinnsatsen hans. Målet med prisen er å «heidre den som heidrast bør» og samstundes setje fokus på barnevern, folkehelse og sosiale tilhøve.

Prisen er på kr 75 000.

Kriterium for tildeling

Karl Evang-prisen skal gå til ein person eller organisasjon som har gjort ein særleg innsats for å fremje:

  • folkehelsa og betre sosiale tilhøve
  • rettstryggleik og tryggleik i barnevernet, helse- og/eller sosialtenesta
  • opplysningsarbeid og deltaking i samfunnsdebatten om viktige barnevern-, helse- eller sosialpolitiske spørsmål

Det er ingen føresetnad at kandidaten er knytta til barnevernet eller helse- og sosialtenesta. Det blir lagt vekt på at innsatsen er aktuell eller «fersk», men innsats over tid vil òg verte vurdert.

Statuttar

Statuttar for Karl Evang-prisen (PDF)

Tidlegare prisvinnarar

2017: Helseundersøkinga i Nord-Trøndelag (HUNT)
2016: Tjukkasgjengen
2015: Anne Rønneberg
2014: Maddan Yran
2013: Ola Mathis Hetta og Tayyab M. Choudri 
2012: Ebba Wergeland 
2011: Landsforeningen for barnevernsbarn og Forandringsfabrikken 
2010: Per Fugelli 
2009: Anne Hafstad 
2008: Berit Schei 
2007: Asbjørn Kjønstad 
2006: Anne Karen Jenum 
2005: Borghild Haaland 
2004: Ingrid Lycke Ellingsen 
2003: Anders Seim 
2002: Gerd-Ragna Bloch Thorsen 
2001: Gerd Marit Brandt 
2000: Steinar Ekvik 
1999: Nina Misvær 
1998: Andreas Skulbergsen
1997: Børge Ytterstad 
1996: Tore Sanner 
1995: Runi Børresen Gresko 
1994: Knut Børge Knutsen 
1993: Margunn Ueland og Randi Vingerhagen 
1992: Finn Skårderud 
1991: Ammehjelpen 
1990: Bente Roestad 
1989: Calle Almedal og Jan Vincents Johannessen 
1988: Fredric Hauge 
1987: Sonja Stenmarck 
1986: Bitten Munthe-Kaas 
1985: Babill Stray-Pedersen og Kristian Hagestad 
1984: Kjell Bjartveit og Peter F. Hjort 
1983: Ingrid Espelid Hovig og Kaare R. Norum 
1982: Elisabeth Engesland 
1981: Øistein Winje