​Gonoré aukar kraftig

Folkehelseinstituttet publiserte nyleg statistikken om nye tilfelle av gonoré og syfilis i 2017. Den auken vi har sett for desse sjukdomane dei siste fem åra heldt fram i 2017 og gjev grunn til uro. Særleg den eskalerande auken blant menn som har sex med menn.
 
Gonoré er ein sjukdom som lett utviklar motstand mot antibiotika, og internasjonalt ser vi tilfelle av sjukdomen som ikkje kan behandlast. Det er difor viktig å ha så lave smittetal som mogleg, seier Linda Granlund, direktør for folkehelse i Helsedirektoratet.
Ho tilrår helsepersonell å ta opp temaet kondombruk i møte med menneske som er spesielt utsett for infeksjonar som overførast seksuelt.


Kondom til oralsex 

Kondom er eit effektivt vern mot infeksjonar som overførast seksuelt  ved samleie. Men det er viktig å vite at dei fleste av desse kjønnssjukdomane òg kan overførast gjennom oralsex. Difor har vi no gjort det mogleg for helsepersonell å bestille oralsexkondom når dei bestiller kondom frå gratiskondomer.no. Dersom du i arbeidet møter menneske som er særleg utsett for infeksjonar som overførast seksuelt, har vi von om at du hjelper oss med å fremje bruk av kondom.

Nyttige lenker