​Generelt ser vi at det er ein auke i talet på legar i heile helsetenesta, som er førehaldsvis større enn auken i folketalet. 

I kommunehelsetenesta er dei fleste legane fastlegar, og det har vore ein jamn auke i talet på fastlegar heilt sidan ordninga starta. Auken i talet på fastlegar er framleis større enn auken i talet på pasientar på listene, men siste året har talet på fastlegar auka mindre enn tidlegare.

I spesialisthelsetenesta er det òg ein auke i talet på legar, og hovudfunnet her er at størstedelen av legane som kjem inn i tenesta no er kvinner.  Det er 60 prosent kvinner blant legane som no er under spesialisering , og samstundes er 40 prosent av overlegane kvinner.

Helsedirektoratet vurderer at vi totalt har god nok legedekning i Noreg, men at fordelinga ikkje er optimal. Innan einskilde fag og regionar er det behov for fleire legespesialistar. Vi er særleg uroa for at det framleis er meir vokster av legestillingar i spesialisthelsetenesta enn i kommunehelsetenesta.

Les heile rapporten «Leger i kommune- og spesialisthelsetjenesten»

Ver merksam på at publikumsversjonen av legestillingsregisteret inneheld feilregistreringar og at tala du finn der ikkje alltid samsvarar med tala i rapporten over. Vi jobbar med å rette feila i legestillingsregisteret.