Frå 2013 blei reguleringa av legestillingar avvikla, slik at kommunane og dei regionale helseføretaka fekk fridom til å opprette stillingar for legar sjølv. Etter oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet skal Helsedirektoratet følgje med på utviklinga for legestillingar i kommunane og spesialisthelsetenesta med årlege rapportar. Rapporten for 2018 er no klar. 

Rapporten viser at talet på legeårsverk har auka både i dei kommunale helse- og omsorgstenestene og i spesialisthelsetenesta i 2017. Den prosentvise auken i legeårsverk var større enn innbyggarveksten. 

Veksten i kommunane var på 238 legeårsverk, noko som er langt høgare enn tidlegare år. Samstundes auka talet på legeårsverk i spesialisthelsetenesta med 613. 

 - Fleire av dei nye legeårsverka burde ha kome innan dei kommunale helse- og omsorgstenestene dersom utviklinga skulle vore i tråd med samhandlingsreforma, seier Erlend Aasheim, avdelingsdirektør i Helsedirektoratet.

Mange kommunar skildrar at dei har vanskar med å rekruttere fastlegar, og undersøkingar av arbeidstid syner at mange fastlegar har særs lange arbeidsdagar.

Helsedirektoratet vurderer at vi samla sett har tilfredsstillande legedekning i Noreg, trass i einskilde utfordringar. 

- Internasjonale samanlikningar viser at Noreg har ei høg legedekning målt i talet på legar per 1 000 innbyggjarar. Samstundes er det naudsynt med ei høg legedekning i Noreg, mellom anna grunna geografi og spreidd busetting, seier avdelingsdirektør Aasheim.

I rapporten peikar vi på nokre legespesialitetar som treng særskild merksemd framover.

Les heile rapporten her