​Tittelen skulle minne alle oss som sat med ansvaret om kva dette faktisk handlar om: At dei som blir råka av ein sjukdom som ofte kan opplevast vanskeleg og vond skal få fleire gode dagar.

- Demens har vore ein «stille sjukdom».  Pasientar og pårørande trekkjer seg ofte attende frå sosialt liv, og kjempar i det stille medan livet kanskje blir snudd opp ned. Med Demensplan 2015 vart demens sett på dagsorden og vart ein politisk prioritet, seier helsedirektør Bjørn Guldvog.

Resultat av arbeidet

Nasjonal kompetansetjeneste for aldring og helse har på vegne av Helsedirektoratet oppsummert resultata av Demensplan 2015 i rapporten «Å favne bredt og treffe rett».  

Her er nokre nøkkeltal:

  • Talet på personar med demens som får tilbod om aktivitetar på dagtid er nær tredobla sidan 2007
  • Meir enn 70 prosent av kommunane har etablert slike tilbod
  • Talet på dagaktivitetstilbod til yngre personar med demens har dobla seg i perioden 2007-2015
  • Over to tredeler av kommunane har gjennomført pårørandeskular
  • Nær ein tredel av kommunene tilbyr samtalegrupper

- Noko av det som har vore spesielt med denne satsinga, er nettopp dette at pårørande blir løfta fram. Å vere pårørande til eit menneske med demens er nesten alltid krevjande, og mange gonger sårt og vondt. Difor har dei som er rundt pasienten også behov for anerkjennelse og støtte, seier helsedirektør Bjørn Guldvog.

- Mange kommunar har arbeidd godt for å tilby hjelp og aktivitetar til familiar som er råka av demens. Men når det er sagt, er det framleis mykje å gå på for å auke kapasiteten. Knapt kvar sjette heimebuande person med demens får tilbod om dagaktivitetar. Rapporten syner også at den einskilde ofte får for lite oppfølging etter at diagnosen er stilt, og at oppfølginga varierer frå kommune til kommune, seier Guldvog.

Kompetanse i kommunane

Eit anna prioritert satsingsområde i Demensplan 2015 var å bidra til organisert utreiing av demens. Demensteam vart etablerte i kommunane for å sørgje for utreiing og oppfølging av personar med demens. Nærare 80 prosent av kommunane har no etablert organisert utgreiing av demens gjennom demensteam eller demenskoordinator. Det er ei tredobling sidan 2007.

Rapporten syner at kompetanse og erfaringsgrunnlag er betydeleg styrka i kommunane gjennom Demensplan 2015. Meir enn 22 000 tilsette i helse- omsorgstenestene har til no gjennomført ei såkalla ABC-opplæring i kommunene, og dette kompetansearbeidet skal halde fram.

Demensplan 2020

Organisering av det diagnostiske tilbodet, systematisk oppfølging av personar råka av demens og deira pårørande etter diagnose, samt betre tenester til personar som bur heime er viktige satsingsområde i Demensplan 2020. Denne planen vart lansert 1. desember i fjor som ei vidareføring av Demensplan 2015.

- Demensplan 2015 var eit forpliktande dokument. Det har gitt sterke føringar på arbeidet med personer med demens og deira pårørande, og det er oppnådd viktige resultat. No er det mange gode krefter som trekkjer saman for å gå i gang med Demensplan 2020, avsluttar Guldvog.