​«Førebyggjande heimebesøk» er eit tilbod om råd og rettleiing til eldre, og er ein del av det heilskapelege førebyggjingsarbeidet i kommunane.

Forebyggende hjemmebesøk i kommunen

- Førebyggjande heimebesøka kan vere med på å gjerne kvardagane betre for mange eldre, og gje kommunane kunnskap dei kan bruke til å betre tenestene. Vi håpar mange kommunar vil ta vegvisaren i bruk, og at dei vil etablere dette tilbodet, seier avdelingsdirektør Helga Katharina Haug i Helsedirektoratet.

Gjennom slike besøk kan dei eldre innbyggjarane få vite meir om kommunen sitt tilbod innan helse, kultur, idrett og frivilleg-feltet, og vere med på å gje eldre større grad av livsmeistring.

Kommunen kan nytte besøka til å involvere og hente tilbakemeldingar frå eldre i kommunen, og gje ein generell oversikt over livssituasjonen til den eldre befolkninga. Det kan nyttes til planlegging og utvikling av dei kommunale tenestene.

Det nye materiellet beskriv dei mest aktuelle samtaletema i eit førebuande heimebesøk, og knytter dette opp mot praktiske råd og verktøy.

Ei nasjonal kartlegging synte at stadig fleire kommunar har tilbod om førebuande heimebesøk. I 2003 var det 8 prosent, medan det i 2013 var 25 av kommunane som hadde eit slikt tilbod.

Vegvisaren kan nyttes både av kommunar som planlegger å etablere eit slikt tilbod, og av kommunar som allereie har førebuande heimebesøk som ein del av arbeidet retta mot eldre.