​Effektiv ressursbruk er eit sentralt mål for helsestyresmaktene. Produktiviteten blir målt som ein kostnadsindikator, som består av kostnader til pasienthandsaming sett opp mot omfanget av pasientbehandling. Bak produktivitetsforbetringa var det vekst i kostnadene på sju prosent, og vekst i pasienthandsaminga på åtte prosent. Verdien av produktivitetsforbetringa kan bereknast til om lag 600 millionar kroner.

Dette viser ein ny analyse frå Helsedirektoratet (PDF) 

Forbetringa av produktiviteten er ikkje realisert som ein sparing av kostnader, men skjer ved at fleire pasientar har fått behandling til ein lågare kostnad per pasient. Sjølv om produktivitetsforbetringa i seg sjølv er positiv, så har kostnadene til behandling av pasientar i somatiske sjukehus auka med sju prosent i perioden, noko som svarar til 4,9 milliardar kroner.

Effektiviseringa av pasientbehandlinga har ført til færre, men meir ressurskrevjande, liggedøgn i sjukehusa. Frå 2013 til 2017 gjekk kostnaden per liggedøgn opp med 9 prosent. Samstundes skjedde ein større del av handsaminga poliklinisk. 

Regionale variasjonar

Det er berre Helse Sør-Aust som har hatt  produktivitetsforbetring i perioden. For Helse Sør-Aust auka produktiviteten med drygt to prosent. For Helse Vest var det inga endring, og for Helse Midt-Noreg og Helse Nord gjekk produktiviteten ned. Samanlikna med dei andre regionane, var kostnadsveksten noko svakare i Helse Sør-Aust, og veksten i pasienthandsaming var noko sterkare.

Meir frå SAMDATA spesialisthelsetenesten