Sluttrapporten (rapport nr. 4) frå Rekrutteringsplan for helse- og sosialpersonell 2003-2006 – Rekruttering for betre kvalitet, viser at pleie- og omsorgstenesta styrka sin posisjon i ein stram arbeidsmarknad i perioden.
Hovudmåla for rekruttering og kompetanseheving blei nådde særleg fordi fleire arbeider heiltid. Rekruttering av ungdom til pleie- og omsorgsutdanningane i vidaregåande opplæring er derimot ikkje styrka, og ein har heller ikkje lukkast rekruttere fleire menn til pleie- og omsorgstenestene.