Turnusordninga for legar har sidan 1955 vore ei viktig ordning for å kvalifisere nyutdanna legar til å arbeide sjølvstendig. Dei første åra i yrkeslivet etter grunnutdanninga er særleg viktig for profesjonaliseringa til alle yrkesgrupper. Gjennom oppfølging og vegleiing og i samarbeidet med pasientar, pårørande og anna personell får den nyutdanna legen utvikla haldningar og etisk kompetanse. Legen får trening i kliniske arbeidsmåtar, erfaring med å handtere akutte tilstandar og innsikt i korleis helsetenesta verkar.
Internasjonale og nasjonale forhold endrar seg, og utfordringar i helsetenesta gjer at Helsedirektoratet meiner at det nå trengst nye løysingar. Utviklinga dei siste åra viser mellom anna at turnusordninga fungerer som ei trekkraft for nyutdanna legar frå heile EØS-området. Dagens ordning inneber ei statleg plikt til å opprette turnusstillingar for alle som melder seg til turnusteneste. Dette svekkjer den statlege styringa av talet på legestillingar i landet og utfordrar bærekrafta til helsetenesta i ei tid med utsikter til eit visst legeoverskot.
Forslaget inneber at dei ordinære ansvarslinene for tilsetjing også skal gjelde for nyutdanna legar. Ordninga med loddtrekking av turnusstad og plikta til å tenestegjere på tilvist plass fell bort. Omlegginga vil gjere ansvaret for både arbeidstakar og arbeidsgjevar meir tydeleg. Det faglege fokuset i turnustenesta vil derimot bli vidareført i nybyrjarstillinga.
Turnusordninga har i mange tiår vore eit viktig verkemiddel for å skaffe legar til alle delar av landet. Forslaget i denne rapporten inneber ei dobling av tenestelengda for nyutdanna legar i kommunane i forhold til dagens turnusteneste. Ved etablering av nybyrjarstillingar rår Helsedirektoratet til ei tilsvarande nasjonal styring for oppretting av stillingar som for turnusstillingar. Dette skal sikre geografisk dekking. Kommunane vil både få meir legeressursar og større ansvar. Distriktskommunar og lokalsjukehus vil framleis ha ei viktig rolle som opplæringsarena for nyutdanna legar. Dette er i tråd med intensjonar i Samhandlingsreforma.