Når det skjer uønska hendingar som kriser, katastrofar og eventuelt krig, har kommunen ansvar for nødvendig helsehjelp og sosiale tenester til alle som bur og oppheld seg i kommunen.
Denne kortversjonen av rettleiaren for helse- og sosialberedskap i kommunane er eit forsøk på leggje betre til rette for eit godt beredskapsarbeid på lokalt nivå. Den gjev ei kortfatta oversikt over kva forventningar, lover og reglar som gjeld på området.
Denne versjonen inneheld også ein mal for plan for helse- og sosialberedskap.
Målgruppa for rettleiaren er først og fremst kommunane, men fylkesmannsembeta, fylkeskommunane, politiet og sjukehusa vil også ha stor nytte av den.