Helsedirektoratet er eit fagdirektorat og myndigheitsorgan som ligg under Helse- og omsorgsdepartementet, Barne- og likestillingsdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet. Direktoratet blir etatsstyrt av Helse- og omsorgsdepartementet.
Samfunnsoppdraget til Helsedirektoratet er:
Helsedirektoratet skal styrkje den sosiale tryggleiken og helsa til heile
befolkninga gjennom heilskapleg og målretta arbeid på tvers av tenester,
sektorar og forvaltningsnivå.
Direktoratet skal gjere dette med utgangspunkt i rolla som fagorgan,
regelverksforvaltar og iverksetjar på helse- og omsorgspolitiske område.
Helsedirektoratet er eit fagorgan både på folkehelse- og levekårsområdet, og
på helsetenesteområdet. Dette inneber å:
Ha ansvar for å følgje med på forhold som påverkar folkehelse og levekår, og
å følgje med på utviklinga i helse- og omsorgtenestene. På dette
grunnlaget skal direktoratet gi råd og rettleiing om strategiar og
tiltak overfor sentrale styresmakter, regionale og lokale styresmakter,
helseføretaka, frivillige organisasjonar, privat sektor og befolkninga.
Samanstille kunnskap og erfaringar i faglege spørsmål og opptre nasjonalt
normerande på utvalde område.
Vere ein kompetanseorganisasjon som styresmakter, ulike sektorar,
tenesteapparatet, interesseorganisasjonar, fag- og utviklingsmiljø og
dessutan media kan kontakte.
Direktoratet har ei rekkje sentrale forvaltningsoppgåver, mellom anna
myndigheit til å bruke og fortolke lov og regelverk innanfor helsesektoren.
Helsedirektoratet skal sikre at vedteken politikk blir iverksett på helse- og
omsorgsområdet. Målet er at politikken skal realiserast i tråd med dei
føringane som departementet gir i det årlege tildelingsbrevet og andre
styringsdokument.
Helsedirektoratet skal bidra aktivt i internasjonalt arbeid. Arbeidet for
direktoratet sin visjon om God helse og omsorg for alle krev at ein ser
utover landegrensene og ser helse i eit globalt perspektiv.