Oppretting og avvikling av nasjonale tenester

​Helsedepartementet har mandatet til oppretting eller avvikling av nasjonale tenester.

Dei regionale helseføretaka skal søkje Helse- og omsorgsdepartementet om oppretting, endring eller avvikling av nasjonale tenester.
 
Brukarorganisasjonar, fagmiljø og Helsedirektoratet kan oppmode regionale helseføretak om å søkje om oppretting eller endring av nasjonale tenester.
 
Departementet vil innhente faglege råd om etablering eller endring/avvikling av nasjonale tenester frå Helsedirektoratet før det fattast vedtak om etablering eller endring/avvikling av nasjonale tenester.
 
Helsedirektoratet står fritt til å etablere nødvendige fora eller nytte underliggjande etatar i sitt arbeid.
 

Faglege referansegrupper

I forbindinga med oppretting av nasjonale tenester er faglege referansegrupper eit viktig verkemiddel for å sikre meir likeverdig tilgjengelegheit til nasjonale - og fleirregionale behandlingstenester og for å bidra til å sikre nasjonal kompetansespreiing.
 
Dei regionale helseføretaka som er tillagt ansvar for nasjonale tenester, er ansvarleg for utarbeiding av mandat for den enkelte referansegruppa. Dei regionale helseføretaka har på oppdrag frå departementet utarbeidd eit kjernemandat for faglege referansegrupper, med anbefalingar om samansetjing, oppnemning og oppgåver. 
 
Referansegruppene skal ta i vare på følgjande oppgåver:
  • Sikre forankring og lik tilgang til tenesta.
  • Sikre at det etablerast behandlingskjeder som dekkjer heile sjukdomsutviklinga.
  • Bidra til at tenesta drivast i tråd med vedtekne målsetjingar, resultatmål og krav stilt i forskrifta.
  • Godkjenne årleg rapportering.
 
Alle referansegrupper skal ha representasjon frå alle regionale helseføretaka og frå brukarorganisasjonar. Ei referansegruppe kan i særskilde tilfelle dekkje fleire nasjonale tenester.
 
Leiaren for referansegruppa bør som hovudregel komme frå ein annan helseregion enn den helseregionen som har ansvar for den nasjonale tenesten.
 

Vurdering av søknader

Helsedirektoratet skal på bakgrunn av søknader om etablering av nye nasjonale tenester eller avvikling/endring av nasjonale tenester, samt årleg rapportering frå dei regionale helseføretaka, gje ein samla og prioritert vurdering av innkomne søknader samt godkjende nasjonale tenester til departementet innan 1. november kvart år med forslag
til vidareføring, oppretting eller avvikling/desentralisering.

Dette sikrar ein heilskapleg handtering av forslag til oppretting og avvikling av funksjonar. Eventuelle forslag til endringar må grunngjevast med tilstrekkeleg bakgrunnsdokumentasjon.
 
Departementet kan vedta avvikling av godkjende nasjonale tenester dersom eitt eller fleire vilkår som låg til grunn for godkjenninga ikkje lenger er tilfredsstilt eller det ikkje lenger er behov for å oppretthalde den nasjonale tenesta.