Samfunnsoppdrag
«Helsedirektoratet skal styrke helsa til heile befolkninga gjennom heilskapleg og målretta arbeid på tvers av tenester, sektorar og forvaltningsnivå. Direktoratet skal gjere dette med utgangspunkt i rolla som fagorgan, regelverksforvaltar og iverksetjar på helsepolitisk område.»
Roller
Helsedirektoratet har tre roller;
- fagleg rådgjevar
- iverksetjar av vedtatt politikk
- forvaltar av lov og regelverk innafor helsesektoren
Som fagleg rådgjevar har vi ansvar for å følgje med på forhold som påverkar folkehelsa og utviklinga i helse- og omsorgstenestene. Vi skal samanstille kunnskap og røyndom i faglege spørsmål og opptre nasjonalt normerande på ulike område. Vi er og eit kompetanseorgan innafor helse som alle kan kontakte. I denne rolla er vi ein sjølvstendig og uavhengig rådgjevar.
Når vi sett i verk vedtatt politikk, gjer vi arbeid på vegne av regjeringa og Stortinget. Dette kan til dømes vere å setje i verk handlingsplanar og kampanjar, eller å gje tilskot med dei målsettingar Stortinget har sett.
Som forvaltar har Helsedirektoratet ansvar for å fortolke og nytte dei lovane og det regelverket Helse- og omsorgsdepartementet har bestemt at vi skal forvalte.
Kven vi er til for?
Våre målgrupper er mange og ulike. Dei viktigaste er befolkninga og dei som styrer og leier helsetenesta; Helse- og omsorgsdepartementet, dei regionale helseføretaka og Fylkesmannen. Vi ønskjer god dialog og samarbeid om viktige spørsmål og problemstillingar fordi vi meiner det gir best resultat.
Vi ønskjer å samarbeide med andre sektorar enn helsesektoren fordi sektorar som til dømes samferdselssektoren, utdanningssektoren og miljøsektoren også påverkar helsetilstanden i befolkninga.
Samarbeid med andre statlege myndigheitar som Folkehelseinstituttet, Mattilsynet og Legemiddelverket er viktig, slik at dei råda og tiltaka vi foreslår, heng godt saman med kva andre gjer.
Helsedirektoratet har som ambisjon å påverke den globale helsa i rett lei. Vi har i denne strategiske perioden ein sentral posisjon i WHO, og vi skal styrkje vårt internasjonale engasjement og samarbeid for å ha innverknad på viktige område.
Visjon og verdiar
Visjonen og verdiane våre blir først viktige når det er noko vi bruker i det daglege arbeidet. Dei synliggjer kva vi arbeider for å nå, kva som kjenneteiknar oss som arbeider her, arbeidet vi gjer og korleis vi møter brukarane.
Helsedirektoratets visjon er: God helse – gode liv.
Helsedirektoratets verdiar er:
Fagleg styrke
Helsedirektoratets arbeid er kunnskapsbasert og støtter seg på godt fagleg skjønn.
Openheit
Helsedirektoratets arbeid er prega av tydelegheit, openheit, opne prosessar og god kommunikasjon.
Samarbeid
Helsedirektoratets arbeid inneber heilskapleg tenking, tverrfaglegheit og dialog. I neste fireårs periode vil vi arbeide for å gjere visjonen og verdiane viktigare i det daglege arbeidet vårt.