Med Kompetanseløftet 2015 bidreg staten til å møte personellutfordringane i dei kommunale omsorgstenestene. Helsedirektoratet har hatt ansvar for å iverksette Kompetanseløftet 2015, ein delplan under Omsorgsplan 2015, sidan starten i 2007.
- Korleis har iverksettinga av Kompetanseløftet 2015 skjedd, og kva er resultatet av satsinga?
- Får vi nok personell til omsorgstenestene - med den rette kompetansen?
Kompetanseløftet har gjennom perioden 2007-2011 blitt evaluert av forskingsinstitutta NIFU og NIBR, og sluttrapporten er no lagt fram. Handlingsplanen har mange mål og tiltak, dei mest kjente er kanskje målsettinga om 10 000 nye årsverk i pleie- og omsorgssektoren og målet om ein årleg tilgang på 4 500 helsefagarbeidarar.
Iverksetting av Kompetanseløftet skjer i eit komplekst samspel mellom aktørar på ulike nivå i styringssystemet frå sentral statsforvalting, via fylkesmenn og ut til kommunane. For å lykkast er ein dessutan avhengig av eit godt samarbeid med utdanningsstyresmakter, utdanningsinstitusjonar og partane i arbeidslivet.
På seminaret ønskjer Helsedirektoratet å få kasta lys over dei sentrale problemstillingane i Kompetanseløftet og hovudfunna i evalueringa, frå forskarhald. Vi vil også utfordre andre sentrale aktørar til å gi sine vurderingar av om Kompetanseløftet 2015 er det som skal til for å lykkast med rekruttering og kompetanseheving til framtidas omsorgstenester. Divisjonsdirektør i Helsedirektoratet Toril Lahnstein innleier.
Det blir servert lunsj.
Målgruppa for seminaret
Målgruppa er representantar for fylkesmannsembeta, helse- og utdanningsstyresmakter, partane i arbeidslivet og andre interessentar.
Påmelding
Det er begrensa med plass på seminaret og det er «først til mølla-prinsippet» som gjeld.